Jan Anker Jahnsen, rådgivar ved RELIS Vest, disputerte 6. mars 2015 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen. 

Avhandlinga har tittelen «Predicted signal peptides, and the role of the N-terminal tail, at the monoamine G-protein coupled receptors 5-HT2C and α2C» og tek mellom anna føre seg transport av reseptorar til celleoverflata. Jan Anker har vore knytt til Seksjon for farmakologi og Senter for farmasi ved UiB sidan 2006, og han har vore vegleia av professor Staffan Uhlén. 

Les meir i pressemeldinga frå UiB.

Vi gratulerer!