Synnøve har sett nærare på om legar sin risikopersepsjon av fosterskade og tryggleik ved føreskriving av legemiddel til gravide pasientar endra seg etter informasjon og råd frå RELIS. Dette vart gjort ved bruk av spørjeskjema, der legar som kontakta RELIS med spørsmål om gravide pasientar skulle svare på eit skjema før, og eit skjema etter at dei hadde fått svar frå RELIS. Dei skulle mellom anna vurdere legemidla dei hadde spurt om, både med omsyn til fosterskadelig risiko og kor trygge dei kjende seg på å føreskrive desse legemidla. 

Oppgåva vart utført frå hausten 2013 og til våren 2014. Sofia Frost Widnes, Tina Bakkebø og Jan Schjøtt har vore vegleiarar. 

Synnøve forsvara oppgåva si 26. juni 2014 og er no ferdig master i farmasi. Vi gratulerer!