Produsentuavhengig legemiddelinformasjon
for helsepersonell

RELIS Vest
Tlf: 55 97 53 60 (midlertidig stengt pga korona-tiltak)
E-post: relis@helse-bergen.no
www.relis.no

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

RELIS database 2015; spm.nr. 10361, RELIS Vest

Dato for henvendelse: 08.12.2015

  • RELIS Vest

  • Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

Fluoksetin - behov for preparatbytte og oppfølging i graviditet og amming

Dato for henvendelse: 08.12.2015

RELIS database 2015; spm.nr. 10361, RELIS Vest

SPØRSMÅL: Lege spør angåande ung jente som er blitt gravid, truleg i 1. trimester. Ho brukar 20 mg fluoksetin (Fontex) med god effekt mot depresjon. Ho vurderes som sårbar og er i risiko for psykiske vanskar under graviditeten og i perioden etter. Legen lest anbefalingane til RELIS angåande fluoksetin og tenker at denne pasienten bør fortsette med SSRI, men spør om:
-Bør det bytast til eit anna medikament med tanke på fosterskade og amming?
-Bør ho ha ekstra oppfølging mht risiko for fosterskade, UL etc?
-Bør ein ta serummålingar undervegs i svangerskapet og etterpå mht dosejustering?

SVAR: Graviditet
RELIS har tidlegare skrive at det framleis er uavklara om SSRI generelt gir ein reell auka risiko for fosterskadelige effektar. Det føreligg fleire motstridande studiar og det er vanskeleg å skilje påverknaden frå legemiddelet frå påverknaden av maternal psykisk sjukdom. Paroksetin (Seroxat) bør om mogleg unngåast i første trimester, og kanskje også fluoksetin (Fontex). Samtidig er det usikkert om det er tilrådelig å byte legemiddel hos ein kvinne som allereie brukar eit SSRI med god effekt (1, 2).

Ei ny registerstudie der resultata er tolka i lys av tidlegare publisert litteratur på SSRI og bruk i svangerskap, har vist at bruk av fluoksetin og paroksetin tidleg i graviditeten er assosiert med ein noko auka risiko for misdanningar. Dei spesifikke misdanningane sett for fluoksetin var høgre ventrikkels utløpsobstruksjon (RVOTO) og kraniosynostose. Dette er uansett sjeldne misdanningar og dersom det føreligg ein reell risikoauke er den absolutte risikoen uansett veldig låg (4, 5).

Sjølv om fluoksetin kan medføre ein noko auka risiko samanlikna med andre SSRI, er det nødvendigvis ikkje ein gevinst ved å byte preparat. Den aktuelle pasienten beskrivast som stabil på noverande behandling, og ho vurderast vidare som sårbar og i risiko for psykiske vanskar i graviditeten og i perioden etter. Etter vårt syn gjev dette grunnlag for å halde fram behandlinga med fluoksetin framføre å byte til eit anna SSRI.

Vi har ikkje funne konkrete anbefalingar for særskild oppfølging med ultralyd ved bruk av fluoksetin eller andre SSRI i svangerskap. Når det gjeld serumkonsentrasjonen av SSRI kan denne minke utover i graviditeten, truleg grunna auka metabolisme. Dette kan resultere i redusert terapeutisk effekt og i nokre tilfelle behov for doseauke. Det er difor viktig å monitorere effekten av behandling undervegs i svangerskapet. Etter fødselen normaliserast mors metabolisme raskt, og kvinner som har auka dosen av SSRI under graviditeten kan få auka serumkonsentrasjonar og biverknader dersom dosen ikkje trappast ned igjen. Serumkonsentrasjonsmåling er likevel ikkje aktuelt då det ikkje er vist ein klar samanheng mellom serumkonsentrasjon av SSRI og terapeutisk respons (1).

Amming
RELIS har tidlegare skrive at fluoksetin kan vere problematisk ved amming grunna større overgang til morsmjølk enn andre SSRI, lang halveringstid, aktiv metabolitt og fare for akkumulering hos diebarnet (2). Enkelte uheldige effektar er observert hos diebarn eksponert for fluoksetin (6). Det er etter vårt syn likevel ikkje nødvendig å unngå amming sjølv om mor brukar fluoksetin, men barnet bør observerast nøye med tanke på om det er urolig, trøtt, får kolikk og om det har normal vektoppgang (7). Sjuke og for tidleg fødde barn er meir sårbare for legemiddeleksponering gjennom morsmelk enn friske barn fødde til termin. Den aktuelle kvinna brukar 20 mg fluoksetin dagleg som ikkje er ein høg dose. Med tanke på eventuelt byte til eit anna SSRI, er ikkje ammeperioden eit eigna tidspunkt til å prøve ut nye legemiddel, spesielt med tanke på risiko for fødselsdepresjon (7).

KONKLUSJON
Det er mogleg at bruk at fluoksetin i svangerskapet medfører ein noko auka risiko for fosterskadelige effektar, men denne risikoen er i så fall veldig låg. Gevinsten ved å byte preparat hos ein sårbar pasient er høgst usikker og etter vårt syn er det grunnlag for å halde fram behandlinga med fluoksetin hos den aktuelle pasienten. Fluoksetin går over i morsmjølk, men kan likevel brukast under amming så framt barnet observerast.

Referanser
  1. 1. Nordmo E, Giverhaug T. SSRI og graviditet - hva er status ved årsskiftet 2012/2013? http://www.relis.no/ (Publisert: 10. januar 2013).
  2. 2. RELIS database 2013; spm.nr. 4522, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no/database)
  3. 3. Lindland-Tjønn H, Havnen GC. Nedtrapping og seponering av SSRI før fødsel. http://www.relis.no/ (Publisert: 9. desember 2013).
  4. 4. Reefhuis J, Devine O et al. Specific SSRIs and birth defects: Bayesian analysis to interpret new data in the context of previous reports. BMJ. 2015 Jul 8; 351:h3190.
  5. 5. Källén K, Winbladh B. Läkemedel och fosterpåverkan. Fluoxetin. http://www.janusinfo.se/Beslutsstod/Lakemedel-och-fosterpaverkan/ (Publisert: 10. september 2015).
  6. 6. Avdelningen för klinisk farmakologi, Karolinska universitetssjukhuset. Läkemedel och amning. Fluoxetin. http://www.janusinfo.se/Beslutsstod/Lakemedel-amning/ (Søk: 8. desember 2015).
  7. 7. RELIS database 2015; spm.nr. 5451, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no/database)