Produsentuavhengig legemiddelinformasjon
for helsepersonell

RELIS Vest
Tlf: 55 97 53 60

Telefontid: 08:00 - 16:00 hverdager.
E-post: relis@helse-bergen.no
www.relis.no

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

RELIS database 2016; spm.nr. 10750, RELIS Vest

Dato for henvendelse: 03.05.2016

  • RELIS Vest

  • Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

Kvetiapin ved faktor V Leiden-mutasjon

Dato for henvendelse: 03.05.2016

RELIS database 2016; spm.nr. 10750, RELIS Vest

SPØRSMÅL: Pasient blir behandla for depresjon. Det er ønskjeleg å starte behandling med kvetiapin, men pasienten har faktor V Leiden-mutasjon. Lege har funne at antipsykotika kan gje ein lett forhøga trombosetendens, og lurer på om kvietiapin er absolutt kontraindisert?

SVAR: Det er rapportert ein auka risiko for venøs tromboembolisme (VTE) ved bruk av antipsykotika, men ein veit ikkje sikkert kva mekanisme som ligg bak dette (1). Ein nyare oppsummeringsartikkel konkluderer med at ein har for lite data til å kunne seie noko om kva for nokre antipsykotika som har størst eller minst risiko for VTE, men at risikoen er størst dei tre første månadane av behandlinga. Vidare slår dei fast at absolutt risiko for VTE ved bruk av antipsykotika er låg (4-10/10 000), og at det er viktigast å ta omsyn til andre pasient-spesifikke faktorar ved vurdering av VTE-risiko (2).

Preparatomtalen til kvetiapin tilrår òg at alle andre mulege risikofaktorar for VTE bør kartleggjast før ein eventuelt startar pasienten opp på kvetiapin (3). I dette tilfellet er det først og framst viktig å ha kjennskap til om pasienten er homozygot eller heterozygot bærar av faktor V Leiden-mutasjon. Homozygote bærarar har større risiko for VTE enn heterozygote bærarar, og her må ein i større grad ta omsyn i risikosituasjonar. Om pasienten har hatt venøse tromber tidlegare eller har høg førekomst av dette i familien kan òg ha betyding. I slike tilfelle og ved homozygot mutasjon bør ein hematolog kontaktast og behovet for tromboseprofylakse vurderast (4).

Andre risikofaktorar som bør vurderast er pasienten sin alder, om pasienten røyker, har høg risiko for immobilisering, har diabetes eller anna sjukdom som aukar tromberisiko, og om pasienten bruker andre legemiddel eller kosttilskot som medfører auka risiko for trombose. Det er oppgjeve at pasienten er under behandling for depresjon, men ikkje om det på noverande tidspunkt brukast antidepressiva. SSRI er ikkje assosiert med auka risiko for trombose, og om pasienten ikkje allereie har forsøkt dette, bør ein vurdere eit SSRI-preparat framfor kvetiapin (5).

VURDERING
Det er ikkje ein absolutt kontraindikasjon for bruk av kvetiapin til pasientar med faktor V Leiden-mutasjon, men ein må ta ei grundig kartlegging av pasienten sine andre mulege risikofaktorar for VTE. Vi tilrår å konferere med ein hematolog om det er tvil om pasienten sin tromboserisiko eller om risikoen blir vurdert til å vere høg.

Referanser
  1. 1. RELIS database 2014; spm.nr. 4765, RELIS Sør-Øst (www.relis.no)
  2. 2. Balkowiec-Iskra E, Cessak G et al. Venous thromboembolism as an adverse effect of antipsychotic treatment. Psychiatr Pol 2014; 48(5): 997-1014.
  3. 3. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Seroquel. http://www.legemiddelverket.no/legemiddelsok (Sist oppdatert: 2. oktober 2015).
  4. 4. Norsk elektronisk legehåndbok. Aktivert protein C resistens og faktor V Leiden. http://www.legehandboka.no/ (Sist endret: 6. november 2012).
  5. 5. RELIS database 2011; spm.nr. 998, RELIS Sør-Øst (www.relis.no)