Produsentuavhengig legemiddelinformasjon
for helsepersonell

RELIS Vest
Tlf: 55 97 53 60. Åpen alle hverdager kl. 13.00-15.00.
E-post: relis@helse-bergen.no
www.relis.no

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

RELIS database 2017; spm.nr. 11619, RELIS Vest

Dato for henvendelse: 10.04.2017

  • RELIS Vest

  • Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

Hydroksokobalamin-injeksjon ved muskulære smerter

Dato for henvendelse: 10.04.2017

RELIS database 2017; spm.nr. 11619, RELIS Vest.

SPØRSMÅL: Ein pasient med mykje muskulære smerter mulegvis relatert til ein tidlegare nakkeskade har høyrt at det kan vere gunstig med hydroksokobalamin-injeksjon (Vitamin B12 Depot) to gonger i veka. Finst det noko dokumentasjon på dette eller vil det vere farleg? Kan ei slik medisinering interagere med andre legemiddel? Nyrefunksjonen til pasienten er god, og av andre legemiddel bruker ho berre diklofenak (Cataflam). Spørsmål frå allmennlege.

SVAR: Vitamin B12 (kobalamin) er eit vassløyseleg vitamin og koenzym involvert i DNA-syntese, og er viktig for både hematopoiese og nydanning av ei rekkje andre vev (1). Kobalaminmangel er blant anna assosiert med nevropatiar og myelopatiar (2). Kobalamin finst som ulike analogar; dei marknadsførte injeksjonspreparata i Noreg inneheld anten cyanokobalamin (Vitamin B12) eller hydroksokobalamin (Vitamin B12 Depot). Hydroksokobalamin retinerast betre enn cyanokobalamin, grunna at det i høgre grad bindast til eit protein ansvarleg for overføring av B12 til cellene (3).

Dokumentasjon av vitamin B12-injeksjonar mot smerter
Vi har ikkje funne dokumentasjon på at vitamin B12-injeksjonar brukast for eller er effektivt ved nakkesmerter eller uspesifikke muskelsmerter. RELIS har i ei tidlegare utgreiing undersøkt dokumentasjonsgrunnlaget for bruk av vitamin B12 som smertestillande. Det visast til nokre få kliniske studier som har vist effekt av vitamin B12 mot nedre ryggsmerter og diabetisk nevropati hos pasientar utan påvist mangel av vitamin B12. Det understrekast at studiene har metodologiske veikskapar og at resultata bør reknast som preliminære (4).

Ein anerkjent database som samlar oppdatert evidens for effekt og tryggleik av blant anna vitaminer skriv at vitamin B12 gitt parenteralt blant anna brukast til behandling av smertetilstandar som postherpetisk nevralgi og diabetisk nevropati. Ved oppsummering av evidensen finn dei at subkutan injeksjon av 1 mg metylkobalamin seks gonger i veka i fire veker mulegvis er effektivt for å redusere smerter og behovet for andre smertestillande ved postherpetisk nevralgi. For diabetisk nevropati finst det ikkje nok dokumentasjon til å kunne vurdere effekt, men preliminære studier har vist ein muleg positiv effekt av metylkobalamin eller cyanokobalamin på smerter ved diabetisk og perifer nevropati (5).

Tryggleik ved bruk av hyppige B12-injeksjonar
RELIS har tidlegare svara på spørsmål vedrørande toksisitet av hyppige B12-injeksjonar. Konklusjonen var at vitamin B12 har låg akutt toksisitet og farmakokinetikken sannsynleggjer at overskotet vil skiljast ut i urinen. Det ventast derfor ingen eller kun milde symptom ved ei eventuell overdosering. Eventuelle symptom kan vere kvalme, oppkast og svimmelheit (6). Den norske preparatomtalen for hydroksokobalamin (Vitamin B12 Depot) opplyser at symptom på overdosering ikkje er vist (7). Av interagerande legemiddel nemnast fenytoin, østrogenhaldige prevensjonsmiddel og legemiddel som kan gi beinmargssuppresjon. Felles for dei er at dei kan medføre nedsett konsentrasjon av vitamin B12. Det er ikkje kjent at legemiddel kan auke effekten av vitamin B12, og det er heller ikkje kjent at vitamin B12 innverker på effekten av andre legemiddel (7, 8).

KONKLUSJON
RELIS finn ikkje dokumentasjon for å tilrå vitamin B12-injeksjonar to gonger i veka som behandling ved nakke- og/eller muskulære smerter. Effekt og tryggleik ved denne indikasjonen er derfor ukjent. Vitamin B12 har generelt låg akutt toksisitet og det ventast derfor ingen eller berre milde symptom ved eventuell overdosering. Somme legemiddel kan redusere effekten av vitamin B12, men det er ikkje kjent at vitamin B12 påverker effekten av andre legemiddel.

Sjølv om toksisitet-potensialet er lågt, tilseier manglande dokumentasjon for bruk, effekt og tryggleik av ei slik type behandling etter RELIS sitt syn at den ikkje bør støttast.

Referanser
  1. 1. Schrier SL. Physiology of vitamin B12 and folate deficiency. Version 16.0. In: UpToDate. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 10. mai 2016).
  2. 2. Norsk elektronisk legehåndbok. Vitamin B12, kobalamin. http://www.legehandboka.no/ (Sist endret: 4. april 2016).
  3. 3. Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. Cyanokobalamin, hydroksokobalamin. http://www.legemiddelhandboka.no/ (Publisert: 24. februar 2016).
  4. 4. RELIS database 2013; spm.nr. 3317, RELIS Nord-Norge (www.relis.no)
  5. 5. Natural Medicines. Vitamin B12. http://naturalmedicines.therapeuticresearch.com/ (Sist oppdatert: 6. juni 2016).
  6. 6. RELIS database 2014; spm.nr. 5046, RELIS Midt-Norge (www.relis.no)
  7. 7. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Vitamin B12 Depot. http://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 1. september 2015).
  8. 8. Clinical Pharmacology 2017 database. Hydroxocobalamin. Elsevier, Inc. https://www.clinicalkey.com/pharmacology/login (Sist oppdatert: 13. september 2016).