Produsentuavhengig legemiddelinformasjon
for helsepersonell

RELIS Vest
Tlf: 55 97 53 60
E-post: relis@helse-bergen.no
www.relis.no

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

RELIS database 2017; spm.nr. 11748, RELIS Vest

Dato for henvendelse: 12.06.2017

  • RELIS Vest

  • Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

Tilskot av vitamin B12 til spedbarn når mor er veganar

Dato for henvendelse: 12.06.2017

RELIS database 2017; spm.nr. 11748, RELIS Vest

SPØRSMÅL: I Mat og måltider for spedbarn utgjeve av Helsedirektoratet står det at barnet òg treng tilskot av vitamin B12 i tillegg til vitamin D, dersom mor er veganar. Kor kan éin få kjøpt tilskot av vitamin B12 til spedbarn? Éi mor hadde funne ein spray på nettet, men var usikker på om dette var eit godt nok produkt. Spørsmål frå sjukepleiar ved helsestasjon.

SVAR:
KONKLUSJON
Foreininga Helsepersonell for plantebasert kosthold (HePla) oppgjev, med bakgrunn i Helsedirektoratet sine kosthaldstilrådingar, at barn som ammast av mødre som er veganarar treng tilskot av vitamin B12 heile det første leveåret.

Tilstrekkeleg mengd vitamin B12 får ein ved å gje ein halv tablett Nycoplus B12-vitamin 9 μg, eller 1/3 smeltetablett av kosttilskotet VEG1, som òg inneheld andre vitamin og mineral veganarar kan ha vanskeleg for å få i seg gjennom kosten. Begge typane tablettar kan blandast ut med eit lite volum væske og administrerast ved hjelp av ei målesprøyte eller ei måleskei. Andre typar kosttilskot innehaldande vitamin B12, særskilt om dei bestillast via internett, må ikkje brukast til spedbarn. Bakgrunn og kjelder utdjupast under.

BAKGRUNN
Innhaldet av vitamin B12 i morsmjølk vil variere med kor mykje mor får i seg via kosten. Dei viktigaste kjeldene til vitamin B12 i eit typisk norsk kosthald er matvarer frå dyreriket, som mjølk, meieriprodukt, kjøt, fisk og skalldyr. Når mor berre et vegankost, tilrår derfor Helsedirektoratet at så lenge morsmjølk er den einaste maten barnet får (inntil seks månaders alder) må barnet få tilskot av vitamin B12. Det blir likevel ikkje gitt konkrete tilrådingar for korleis eit ekstra tilskot av vitamin B12 skal administrerast, eller informasjon om kva type formuleringar som kan vere tilgjengelege (1).

Foreininga Helsepersonell for plantebasert kosthold (HePla) har fleire ressurser for både helsepersonell og publikum omhandlande kosthald og aktuelle kosttilskot til gravide, ammande og barn på sine nettsider. Informasjonen på HePla sine nettsider byggjer på Helsedirektoratet sine kosthaldstilrådingar, er skriven av helsepersonell og basert på pålitelege kjelder, som til dømes fagfellevurderte forskingsartiklar og kunnskapsoppsummeringar. Dei oppgjev at barn som ammast av mødre som er veganarar treng tilskot av vitamin B12, jod og vitamin D heile det første leveåret, sjølv om dei introduserast for annan mat frå seks månaders alder (2).

Når det gjeld reint vitamin B12-tilskot tilrår dei Nycoplus B12-vitamin 9 mikrogram, der doseringa er ein halv tablett dagleg for spedbarn. Dei presiserer at sjølv om tilrådd inntak av vitamin B12 for spedbarn (inntil 1 år) er 0,5 μg dagleg, er høgare dosar tilrådd dersom det må gjevast som tilskot i staden for via kosten. Alternativt tilrår dei multivitaminet VEG1, som i tillegg til vitamin B12 inneheld vitamin D, jod, selen, folsyre og vitamin B2 og B6. Ved bruk av denne, treng ein ikkje ta tilskot av jod og vitamin D separat. Her er doseringa 1/3 smeltetablett dagleg det første leveåret. For ytterlegare informasjon om vitamin D, jod og andre kosttilskot til desse barna, viser vi til HePla sine nettsider (2).

Nycoplus vitamin B12 er tilgjengeleg reseptfritt på apotek. Tabletten kan knusast og blandast ut i væske, for så å gje denne blandinga til barnet. Nycoplus vitamin B12 er ikkje smakstilsett, og vi har ikkje informasjon om korleis ei slik blanding vil vere på smak. VEG1 kan, i følgje HePla, bestillast via The Vegan Society sine nettsider (www.vegansociety.com) (2). Sjølv om dette er smeltetablettar, kan desse også løysast opp i væske for å lette administrasjonen til spedbarn. VEG1 smeltetablettane kjem med anten solbær- eller appelsinsmak. Felles for slik utblanding gjeld at volumet bør vere lite, slik at det kan administrerast ved hjelp av ei målesprøyte eller måleskei.

Til slutt vil vi berre påpeike at andre typer kosttilskot enn dei nemnt på HePla sine nettsider, ikkje bør tilrådast. Kosttilskot er ikkje underlagt dei same krava til effekt og kontroll av innhald som legemiddel. Det er derfor viktig å undersøke at det står ein seriøs produsent bak produktet. Dessverre ser vi frå tid til anna at kosttilskot frå useriøse aktørar kan vere tilsett skadelege stoff, deriblant òg legemiddel, tungmetall og ulovlege stoff, utan at dette er oppgjeve på pakninga. Spesielt er dette eit problem ved produkt kjøpt frå utlandet via internett.

Referanser
  1. 1. Helsedirektoratet. Nasjonal faglig retningslinje for spedbarnsernæring. http://www.helsedirektoratet.no/ (Sist oppdatert: 6. mars 2017).
  2. 2. Helsepersonell for plantebasert kosthold (HePla). Viktige kosttilskudd for veganere: gravide, ammende og spedbarn. http://www.hepla.no/ (Lest: 12. juni 2017).