Produsentuavhengig legemiddelinformasjon
for helsepersonell

RELIS Vest
Tlf: 55 97 53 60
E-post: relis@helse-bergen.no
www.relis.no

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

RELIS database 2017; spm.nr. 11755, RELIS Vest

Dato for henvendelse: 15.06.2017

  • RELIS Vest

  • Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

Ursodeoksykolsyre og graviditetsynskje ved primær biliær cirrhose

Dato for henvendelse: 15.06.2017

RELIS database 2017; spm.nr. 11755, RELIS Vest

SPØRSMÅL: Ei kvinne i tredveåra med primær biliær cirrhose har slutta med prevensjon fordi ho har barneynskje. Ho har i fleire år brukt Ursodeoksykolsyre (Ursofalk), og har hatt stabile leverprøvar og lite plager.
Etter seponeringa har leverprøvane vore stigande. Fastlege opplever at det er motstridande opplysningar om bruk av ursodeoksykolsyre i svangerskapet, og henvender seg difor til RELIS for å få svar på om det vil vera skadeleg for fosteret. Ho ynskjer også informasjon om forventa forløp av sjukdommen i svangerskapet.

SVAR: Ursodeoksykolsyre er ei naturleg forekommande gallesyre som vert brukt til å løysa opp gallesteinar. Medikamentet vert også brukt i behandlinga av intrahepatisk gallestase i siste del av svangerskapet, ein tilstand som er assosiert med noko auka risiko for plutseleg fosterdød (1).

Delte meiningar om kor vidt ursodeoksykolsyre går over placenta
Ursodeoksykolsyre vert absorbert frå tynntarmen, og ekstrahert og konjugert i leveren. Sjølv om 30-50% kan nå den systemiske sirkulasjonen, vil kontinuerleg hepatisk opptak halda nivået av ursodeoksykolsyre i blodet lågt. Opptak i andre organ enn lever er å rekna for null. Desse faktorane, kombinert med tett binding til albumin, gjer at ein i somme kjelder konkluderer med at det ikkje skjer nokon overgang til fosteret over placenta (2). Andre er redde for at dette kan skje, og at gallesyra kan ha toksisk effekt på fosteret . Ein har likevel ikkje funne akkumulering av gallesyrer i fostervatn, navlestrengsblod eller mekonium når mor har brukt ursodeoksykolsyre mot intrahepatisk gallestase i svangerskapet (1).

Manglande data om bruk i fyrste trimester
Det er så langt ikkje gjort studier som spesifikt ser på bruken av ursodeoksykolsyre i fyrste trimester, men det er heller ikkje rapportert om skade på embryoar. I ein tysk database er det oppgitt 55 svangerskap med eksposisjon for ursodeoksykolsyre i fyrste trimester, og her vart det ikkje observert nokon misdanningar (3).

I samband med ein klinisk studie vart fire gravide ved eit mistak eksponert for terapeutiske dosar av ursodeoksykolsyre i fyrste trimester. Dette påverka ikkje foster eller nyfødde barn.
Det finst fleire rapportar som tyder på at det er trygt å bruka ursodeoksykolsyre mot intrahepatisk gallestase seinare i svangerskapet (2).

Ursodeoksykolsyre er ikkje kontraindisert når mor har primær biliær cirrhose
På bakgrunn av manglande data frårår somme kjelder bruk av ursodeoksykolsyre fyrste trimester, men seier samstundes at kontraindikasjonen ikkje gjeld når mor har ein kronisk cholestatisk leversjukdom som primær biliær cirrhose. Då kan det vera naudsynt å behandla gjennom heile svangerskapet. I desse tilfella kan det vera indisert med ekstra ultralydoppfølging for å stadfesta normal forsterutvikling (3). Andre kjelder fastslår at det er trygt å bruka ursideoksykolsyre i heile svangerskapet når mor har kronisk cholestatisk leversjukdom (4).

Forløp av sjukdommen i svangerskapet
Forløpet av primær biliær cirrhose i svangerskapet er usikkert. Kasusrapportar skildrar både stabilietet, betring og forverring (4). Vårt råd er at ein etablerer tett kontakt med gastroenterolog dersom ein har ein pasient med denne diagnosen som har graviditetsynskje. Helst bør denne kontakten etablerast før prevensjon vert seponert.

KONKLUSJON
Det er ikkje dokumentert teratogene effekter av ursodeoksykolsyre, men på grunn av lite data frårår somme kjelder bruk i fyrste trimester. Det finst fleire rapportar om at det er trygt å bruka seinare i svangerskapet. Sjølv dei mest restriktive kjeldene gjer eit viktig unntak for indikasjonen kronisk cholestatisk leversjukdom som primær biliær cirrhose, og opnar då for bruk i heile svangerskapet.

Referanser
  1. 1. Lindor KD, Lee RH. Intrahepatic cholestasis of pregnancy. Version 40.0. In: UpToDate. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 8.juni 2017).
  2. 2. Briggs GG, Freeman RK et al, editors. Drugs in pregnancy and lactation. A reference guide to fetal and neonatal risk 2015; 10th ed.: 1415-6.
  3. 3. Schaefer C, Peters P et al., editors. Drugs during pregnancy and lactation 2015; 3rd ed.: 104-5.
  4. 4. Lee RH, Tran TT. Pregnancy in women with pre-excisting chronic liver disease. Version 19.0 In: UpToDate. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 09. feb 2017).