Produsentuavhengig legemiddelinformasjon
for helsepersonell

RELIS Vest
Tlf: 55 97 53 60

Telefontid: 08:00 - 16:00 hverdager.
E-post: relis@helse-bergen.no
www.relis.no

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

RELIS database 2017; spm.nr. 11942, RELIS Vest

Dato for henvendelse: 12.09.2017

  • RELIS Vest

  • Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

Nattesvette som seponeringsreaksjon på paroksetin

Dato for henvendelse: 12.09.2017

RELIS database 2017; spm.nr. 11942, RELIS Vest

SPØRSMÅL: Ein pasient er i mange år blitt behandla med paroksetin (Seroxat) dosering opp til 50 mg. Dosen har etterkvart blitt redusert til 10 mg samtidig og det er lagt til mirtazapin (Remeron) 15 mg. Pasienten er svært plaga av nattesvette, men har ikkje problem med svette på dagtid. Er dette ein kjend seponeringsreaksjon på paroksetin?

SVAR:
Nattesvette kan skuldast for hurtig nedtrapping av paroksetin
Auka svettetendens, inkludert nattesvette, er ein vanleg biverknad av antidepressiva, særskilt ved bruk av middel som hemmar reopptak av serotonin og/eller noradrenalin. Generelt er slike biverknader mest uttalt i ein oppstartsfase, men dei kan òg oppstå som ein reaksjon etter bråseponering eller nedtrapping av behandlinga (seponeringssyndrom) (1).

Alle tilgjengelege antidepressiva er rapportert å kunne gje såkalla seponeringssyndrom anten som følgje av nedtrapping av behandlinga eller brå seponering. Seponeringssyndrom kan òg oppstå ved skifte frå eit antidepressiva til eit anna. Paroksetin er hos mange vanskeleg å seponere og kan krevje svært langsom nedtrapping eller overgang til eit anna antidepressivum. Dette legemidlet er også blant dei antidepressiva kor seponeringssyndrom er hyppigst førekommande, grunna sterk serotonerg verknad og kort halveringstid (2, 3).

Svetting er blant symptoma som er rapportert ved seponering av paroksetin. Vanlegvis oppstår slike symptom i løpet av få dagar etter seponering/nedtrapping av dose, medfører milde til moderate reaksjonar, og går over innan 2 veker. Hos enkelte kan likevel slike symptom vere meir intense og/eller vedvare over månader. Etter langvarig behandling og høgare dose, vil det oftare vere naudsynt med lang nedtrappingstid (≥3 månadar) for å redusere risikoen for seponeringssyndrom. Dersom det oppstår plager under nedtrapping, bør ein vurdere å gå opp att i dose og trappe ned meir langsamt. I tilfelle der òg langsam nedtrapping tolererast dårleg, bør ein vurdere å skifte over til eit preparat med lang halveringstid før nedtrapping (2, 3, 4a).

Mekanismen bak seponeringssyndrom etter bruk av SSRI/SNRI er ikkje fastslått, men det er foreslått at det kan vere ein forbigåande reaksjon på ei endra serotoninsignallering som følgje av langvarig bruk av SSRI/SNRI (2).

Auka svettetendens av antidepressiva
Mekanismen bak kvifor SSRI/SNRI kan framkalle auka svetting hos enkelte er heller ikkje fullstendig kjend. Svettereguleringa er kompleks, og avheng av både noradrenerg og kolinerg nevrotransmisjon i ulike delar av det autonome nervesystemet. I tillegg modulerast svetting av serotonin. Ei endring av serotonin-noradrenalin-likevekta, med påfølgande endring av noradrengerg tonus, er foreslått som ein mogleg mekanisme for ein auka svettetendens ved bruk av SSRI/SNRI (5).

Mirtazapin er ikkje ein reopptakshemmar av noradrenalin eller serotonin, men verkar ved å auke utskiljinga av desse i synapsane, samstundes som enkelte undergrupper av serotoninreseptorar blokkerast. Dette kan vere med å skydde mot ein del serotoninmedierte biverknader, og svette er ikkje rapportert som biverknad av mirtazapin (1, 4b).

KONKLUSJON
Auka svettetendens er ein vanleg biverknad av serotoninreopptakshemmarar, slik som paroksetin. Denne biverknaden kan òg oppstå ved for hurtig nedtrapping av paroksetin, og dette legemidlet er kjend for å vere blant dei antidepressiva kor såkalla seponeringssyndrom oppstår hyppig.

Mekanismen bak den auka svettetendensen rapportert for enkelte antidepressiva er ikkje fullstendig kjend, og svettereguleringa er kompleks. Mirtazapin er ikkje kjend for å medføre auka svettetendens, noko som styrkar mistanken om at pasientens symptom skuldast ein seponeringsreaksjon på paroksetin.

Pasienten har her brukt ein høg dose over lengre tid, noko som aukar risikoen for seponeringssyndrom dersom legemidlet trappast ned for raskt. Vi kjenner ikkje til korleis nedtrappingsregimet har vore, men det kan vere naudsynt med meir langsam nedtrapping dersom symptoma er plagsamme.

Referanser
  1. 1. RELIS database 2013; spm.nr. 4476, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no)
  2. 2. Norsk elektronisk legehåndbok. Antidepressiva seponeringssyndrom. http://www.legehandboka.no/ (Sist endret: 21. september 2016).
  3. 3. Larsen BM, Myhr K. Starte opp og slutte med et antidepressivum – like lett? Nor Farmaceut Tidsskr 2011; 119(3): 18-9.
  4. 4. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Seroxat (Sist oppdatert: 6. august 2015), b) Remeron (Sist oppdatert: 27. januar 2017). http://www.legemiddelsok.no/
  5. 5. RELIS database 2012; spm.nr. 2200, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)