Produsentuavhengig legemiddelinformasjon
for helsepersonell

RELIS Vest
Tlf: 55 97 53 60

Telefontid: 08:00 - 16:00 hverdager.
E-post: relis@helse-bergen.no
www.relis.no

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

RELIS database 2017; spm.nr. 12003, RELIS Vest

Dato for henvendelse: 16.10.2017

  • RELIS Vest

  • Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

Vaginalt østrogentilskot ved autoimmun hepatitt

Dato for henvendelse: 16.10.2017

RELIS database 2017; spm.nr. 12003, RELIS Vest

SPØRSMÅL: Ei eldre kvinne med autoimmun hepatitt har ved gynekologisk undersøking fått påvist artrofiske slimhinner og er plaga med kløe innimellom. Lege vurderer at pasienten kunne hatt god effekt av østriol vaginalkrem (Ovesterin), men lurer på om denne er kontraindisert hos denne pasienten? Nylege laboratorietestar viser normale leverprøvar, men at laktat dehydrogenase (LD) og amylase er lett forhøga. Pasienten er òg behandla for hypotyreose, hypertensjon og osteoporose.

SVAR: Under kontraindikasjonar i den norske preparatomtalen til Ovesterin nemnast akutt leversjukdom eller leversjukdom i anamnesen så lenge leverfunksjonsverdiar ikkje er normalisert. Elles oppgjevast leversjukdom som ein av tilstandane kor det er behov for ekstra oppfølging, og seponering tilrådast ved gulsott eller forverring av leverfunksjon. Østrogenbehandling kan òg verke inn på blodtrykk og tyroidea-funksjonen (1).

RELIS har i ei utgreiing frå 2007 svara på ei liknande problemstilling, men kor spørsmålet omhandla bruk av systemisk østrogentilskot til ei kvinne med autoimmun hepatitt og normale leverfunksjonsverdiar. Det blei ikkje funne litteratur kor autoimmun hepatitt og østrogentilskot var undersøkt spesielt, men ein fann noko litteratur som omhandla hormonsubstitusjon med østrogen til kvinner med andre typar leversjukdom. I desse studiene såg ein ikkje nokon signifikant auke i leverfunksjonsprøvar, og det blei konkludert med at den aktuelle pasienten kunne forsøke østrogentilskot med nøye oppfølging (2).

Ved eit oppdatert litteratursøk finn vi heller ikkje at nyare litteratur har undersøkt østrogenbehandling ved autoimmun hepatitt, og det verker ikkje å vere særskilt mykje ny litteratur som omhandlar østrogenbehandling ved anna leversjukdom heller. Den nyaste studien vi fann var frå 2010 kor kvinner med kronisk hepatitt C og klimakterieplager blei randomisert til anten transdermalt østrogentilskot eller placebo i 9 månader. Somme av kvinnene i studien hadde òg cirrhose. Det blei ikkje sett signifikante endringar i leverfunksjonstestar i nokon av gruppene i tida studien pågjekk, og det blei heller ikkje rapportert om signifikante forskjellar i biverknader mellom gruppene (3).

Nyare oppsummeringsartiklar som omhandlar osteoporosebehandling av pasientar med leversjukdom, stadfestar at evidensen for hormonbehandling av desse pasientane er sparsam, og refererer i hovudsak til litteratur frå 1990-talet og tidleg 2000-talet. Dei oppsummerer at det så langt ikkje er sett signifikante effektar på leverfunksjonstestar, lever-relatert morbiditet eller mortalitet, eller levertransplantasjon ved bruk av hormonsubstitusjon med østrogen hos desse pasientane. Ingen av oppsummeringsartiklane kontraindiserer østrogentilskot til pasientar med leversjukdom, men oppgjev at slik behandling kan forsøkast dersom det vurderast som nyttig (4-6).

KONKLUSJON
Vi har ikkje funne at bruk av verken lokal eller systemisk behandling med østrogen er undersøkt hos pasientar med autoimmun hepatitt. Dokumentasjonen på bruk av østrogentilskot ved leversjukdom er generelt sparsam, men foreløpig er det ikkje vist signifikant innverknad på leverfunksjon og -sjukdom hos slike pasientar, sjølv ved bruk av systemisk behandling. Vi vurderer at lokalbehandling med østrogen ikkje er kontraindisert til den aktuelle pasienten, men initiering av slik behandling bør gjerast under nøye oppfølging.

Referanser
  1. 1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Ovesterin vaginalkrem. http://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 22. september 2017).
  2. 2. RELIS database 2007; spm.nr. 2302, RELIS Midt-Norge. (www.relis.no)
  3. 3. Padua MA, Fonseca AM et al. Hormone therapy in Brazilian postmenopausal women with chronic hepatitis C: a pilot study. Climacteric. 2010; 13(2): 179-86.
  4. 4. Santos LA, Romeiro FG. Diagnosis and management of cirrhosis-related osteoporosis. Biomed Res Int 2016; 2016: 1423462.
  5. 5. Guarino M, Loperto I et al. Osteoporosis across chronic liver disease. Osteoporos Int 2016; 27(6): 1967-77.
  6. 6. Rudic JS, Poropat G et al. Hormone replacement for osteoporosis in women with primary biliary cirrhosis. Cochrane Database Syst Rev 2011; (12): CD009146.