Produsentuavhengig legemiddelinformasjon
for helsepersonell

RELIS Vest
Tlf: 55 97 53 60
E-post: relis@helse-bergen.no
www.relis.no

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

RELIS database 2018; spm.nr. 12653, RELIS Vest

Dato for henvendelse: 03.08.2018

  • RELIS Vest

  • Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

Steroidpreparat for intratympanisk injeksjon

Dato for henvendelse: 03.08.2018

RELIS database 2018; spm.nr. 12653, RELIS Vest

SPØRSMÅL: Intratympanisk steroidinjeksjon kan vere indisert ved plutseleg høyrselstap (sudden deafness/sudden sensorineural hearing loss (SSHL)). Kva for nokre preparat kan vere aktuelle for dette? Det er berre mogleg å injisere relativt små volum og det kan ikkje ha tilsetningar som er ototoksiske. Spørsmål frå ØNH-lege ved sjukehus.

SVAR: Vi kan ikkje finne éin spesifikk protokoll eller eitt spesifikt steroidpreparat som nyttast ved intratympanisk injeksjon mot plutseleg høyrselstap (SSHL). Deksametason er det vanlegast brukte steroidet, etterfølgt av metylprednisolon, men også prednisolon har vist effekt (1, 2). Både styrke og doseringshyppigheit varierer, også i høve til om behandlinga nyttast som førstelinjeterapi eller ved tilfelle kor standard behandling ikkje har hatt effekt. Administrasjonsmåten er heller ikkje standardisert, både direkte transtympanisk injeksjon med sprøyte, tympanostomirøyr, og mikrokateter gjennom det runde vindauget er skildra (1-3).

Intratympanisk steroidinjeksjon som førstelinjebehandling
To meta-analysar som inkluderer randomiserte kliniske studier (RCT) på bruk av steroidinjeksjonar som førstelinjebehandling av SSHL, fann at styrken på deksametason varierte frå 4-12 mg/mL, og volumet på injeksjonane varierte mellom 0,3-0,7 mL. Behandlingslengda hadde eit spenn frå 8 dagar til 6 månader, med tilsvarande spenn i totaldose frå 6 til 240 mg (4, 5).

Med éit unntak, inkluderer meta-analysane dei same studiene, men har ulike resultat for om intratympanisk steroidinjeksjon (ITS) er meir effektivt enn standard systemisk steroidbehandling (SST). Den eine studien fann ingen forskjell i effekt på betring av høyrsel mellom dei to behandlingsformene, og konkluderer med at frå eit biverknadsperspektiv vil ITS vere meir fordelaktig (4). Den andre studien fann at ITS var signifikant betre enn SST i høve til betring av høyrsel (5). Studiene problematiserer likevel forskjellane i protokollar og administrasjonsformer mellom dei inkluderte RCTane, samt risiko for bias (4, 5).

Intratympanisk injeksjon ved systemisk behandlingssvikt
Effekten av ITS når standard behandling med SST ikkje er effektivt, er i større grad etablert (1, 6, 7). To meta-analysar som inkluderte RCTar på bruk av ITS i denne settinga, fann at styrken på deksametason varierte mellom 4-5 mg/mL, med eit injeksjonsvolum mellom 0,3-0,5 mL. For metylprednisolon varierte styrken frå 20-40 mg/mL og injeksjonsvolumet mellom 1-2 mL. Doseringsfrekvensen i fleire av dei inkluderte RCTane var 4 gonger over 2 veker (6, 7).

Val av preparat for intratympanisk injeksjon
Dei færraste studiene oppgjev detaljert informasjon om legemiddelformuleringa for steroidinjeksjonen. Somme oppgjev at formuleringa er magistrelt tilverka for bruk i øyret (formulert som øyredråpar). Dei færraste gjev likevel detaljert informasjon om tillaging, men vi har funne éin artikkel som viser den detaljerte prosedyren dei har brukt (8).

Hos somme oppgjevast det informasjon om firma, noko som indikerer bruk av ein ufortynna steril injeksjonsvæske med deksametason eller metylprednisolon. Blant desse fann vi blant anna at deksametason-21-dihydrogenfosfat (Fortecortin Inject) injeksjonsvæske 4 mg/mL frå Merck er nemnt, då i ein studie som nytta mikrokateter gjennom det runde vindauget som administrasjonsmåte (9). Fortecortin kan skaffast på godkjenningsfritak i Noreg. Ein annan studie oppgjev bruk av ein steril vandig suspensjon av metylprednisolon med konsentrasjon 80 mg/2 mL (Depo-Medrol) (10).

Basert på informasjonen i preparatomtalane til dei to preparata som er namngjeve over (11, 12), kan vi ikkje finne at hjelpestoffa er ototoksiske (13), men dette er generelt lite studert for hjelpestoff. Somme av hjelpestoffa kan likevel vere lokalirriterande, og smerte etter injeksjon er blant vanlege biverknader som er rapportert etter slike injeksjonar. Andre biverknader er forbigåande vertigo, persistent perforert trommehinne, tinnitus og øyreinfeksjon (4, 7).

KONKLUSJON
Det finst ikkje éin spesifikk protokoll eller eitt spesifikt steroidpreparat som nyttast ved intratympanisk injeksjon mot plutseleg høyrselstap (SSHL). Deksametason og metylprednisolon er mykje brukt, men dei færraste studiene oppgjev detaljert informasjon om legemiddelformulering.

Vi har funne éin studie som oppgjev protokoll for magistrell tillaging av deksametason øyredråpar for intratympanisk injeksjon. Vi har også funne at sterile injeksjonsløysingar med deksametason (Fortecortin) og metylprednisolon (DepoMedrol) er namnegjevne i andre studiar. Dei to sistnemnte inneheld ikkje kjende ototoksiske hjelpestoff, men kan verke lokalirriterande.

Referanser
  1. 1. Weber PC. Sudden sensorineural hearing loss. Version 38.0. In: UpToDate. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 7. mai 2018).
  2. 2. Micromedex® 2.0 (online). a) Dexamethasone (Drugdex System) (Sist oppdatert: 25. juli 2018), b) Prednisolone (Drugdex System) (Sist oppdatert: 20. juli 2018). http://www.helsebiblioteket.no/
  3. 3. Lavigne P, Lavigne F et al. Intratympanic corticosteroids injections: a systematic review of literature. Eur Arch Otorhinolaryngol 2016; 273(9): 2271-8.
  4. 4. Lai D, Zhao F et al. Intratympanic glucocorticosteroid therapy for idiopathic sudden hearing loss: Meta-analysis of randomized controlled trials. Medicine (Baltimore) 2017; 96(50): e8955.
  5. 5. Qiang Q, Wu X et al. A comparison between systemic and intratympanic steroid therapies as initial therapy for idiopathic sudden sensorineural hearing loss: a meta-analysis. Acta Otolaryngol 2017; 137(6): 598-605.
  6. 6. Li H, Feng G et al. Intratympanic steroid therapy as a salvage treatment for sudden sensorineural hearing loss after failure of conventional therapy: a meta-analysis of randomized, controlled trials. Clin Ther 2015; 37(1): 178-87.
  7. 7. Ng JH, Ho RC et al. Intratympanic steroids as a salvage treatment for sudden sensorineural hearing loss? A meta-analysis. Eur Arch Otorhinolaryngol 2015; 272(10): 2777-82.
  8. 8. Haynes DS, O'Malley M et al. Intratympanic dexamethasone for sudden sensorineural hearing loss after failure of systemic therapy. Laryngoscope 2007; 117(1): 3-15.
  9. 9. Plontke SK, Löwenheim H et al. Randomized, double blind, placebo controlled trial on the safety and efficacy of continuous intratympanic dexamethasone delivered via a round window catheter for severe to profound sudden idiopathic sensorineural hearing loss after failure of systemic therapy. Laryngoscope 2009; 119(2): 359-69.
  10. 10. Xenellis J, Papadimitriou N et al. Intratympanic steroid treatment in idiopathic sudden sensorineural hearing loss: a control study. Otolaryngol Head Neck Surg 2006; 134(6): 940-5.
  11. 11. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Depo-Medrol. http://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 6. juni 2018).
  12. 12. Gelbe liste, Fachinformation. Fortecortin® Inject 4/8/40/100 mg Injektionslösung in einer Ampulle. http://www.gelbe-liste.de/ (Sist oppdatert: Juli 2017).
  13. 13. Sheskey PJ, Cook WG et al (editors). Handbook of Pharmaceutical Excipients. In: Medicines Complete. http://www.medicinescomplete.com/ (Lest: 3. august 2018).