Produsentuavhengig legemiddelinformasjon
for helsepersonell

RELIS Vest
Tlf: 55 97 53 60

Telefontid: 08:00 - 16:00 hverdager.
E-post: relis@helse-bergen.no
www.relis.no

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

RELIS database 2018; spm.nr. 12722, RELIS Vest

Dato for henvendelse: 10.09.2018

  • RELIS Vest

  • Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

Cannabidiol-olje for søvn

Dato for henvendelse: 10.09.2018

RELIS database 2018; spm.nr. 12722, RELIS Vest

SPØRSMÅL: Pasient med bipolar liding har starta med cannabidiol-olje (CBD-olje) for søvn. Finst det produkt på marknaden i Noreg som er rusfrie? Kva veit vi om effekten av midlet? Spørsmål frå allmennlege.

SVAR: Cannabidiol-produkt i Noreg
Cannabidiol (CBD) finst naturleg i cannabisplanta, og er eit stoff utan psykoaktive eigenskapar, det vil seie at det har minimal eller ingen rusgjevande effekt. Produkt som inneheld CBD, men ikkje tetrahydracannabiol (THC), klassifiserast som ikkje-narkotiske legemiddel i Noreg. Då CBD-produkt framstillast frå cannabisplanta, inneheld dei generelt restar av THC, som er den narkotiske hovudkomponenten i cannabis. Dette er ofte tilfellet for CBD-produkt som selgast via internett, sjølv om innhaldsforteikninga oppgjev at produktet er THC-fritt. Dersom eit CBD-produkt også inneheld THC, uavhengig av mengd, klassifiserast det som narkotika, og det er såleis ikkje tillatt for privatimport. Det finst fleire produkt tilgjengeleg på internett som inneheld CBD men som ikkje er meint for behandling av sjukdom (til dømes såper og kosmetikk) (1, 2).

Det finst foreløpig ingen godkjende CBD-legemiddel på den norske marknaden, men ifølgje Legemiddelverket er det to aktuelle leverandørar av CBD til medisinsk bruk, som kan skaffast via norske apotek og søkast om på vanleg måte i e-resept (2-4):

1) CBD-dråpar frå Glostrup apotek i Danmark, som er utan målbare mengder THC (høg pris),
2) Bedrolite frå den nederlandske produsenten Bedrocan, som inneheld malt cannabisplante med 9 % CBD og 0,4 % THC (moderat høg pris). Leverast frå det såkalla "Cannabisbureau", som er eit kontor i det nederlandske helsedirektoratet.

For legemiddel med CBD som inneheld under 1 % THC er det ikkje naudsynt for legen å søke om forskrivningsrett (4).

I Danmark vart lovverket endra 1. juli 2018, slik at CBD-produkt med innhald under 0,2 % THC ikkje reknast som euforiserande/narkotiske stoff. CBD-produkt med medisinske eigenskapar, eller som ved oral eller topikal bruk har ein reell verknad på kroppen, regulerast likevel som legemiddel, sjølv om innhaldet av THC er under 0,2 % (5).

Effekt av cannabidiol for søvn
CBD påverkar fleire reseptorar innanfor både hjernen og immunsystemet, men dei farmakologiske effektane er generelt sparsamt studert. Cannabis/medisinsk marihuana er mykje brukt mot insomnia, men å forstå samanhengen mellom søvn og cannabinoid, samt tolking av tilgjengeleg litteratur, vanskeleggjerast av heterogenitet i både studiedesign, analysemetode, typen pasientar som inkluderast, og type cannabisprodukt som undersøkast. Fleire av studiane er av eldre dato og biverknader er sjeldan omtalt (6, 7).

Tilgjengeleg forsking synast i størst grad å undersøke cannabis-produkt med ein kombinasjon av CBD og THC, heller enn CBD isolert. Ei meta-analyse fann indikasjonar på at cannabis kan ha innverknad på søvnmønster og opplevd søvnkvalitet, men at verdien synast å vere størst hos pasientar med underliggjande sjukdom som kan innverke på søvnkvaliteten, til dømes smertetilstandar. Total søvnlengd synast ikkje å påverkast. Det understrekast at datagrunnlaget er sparsamt og risikoen for vitskapleg bias i desse studiene er stor. Det er heller ikkje kjend korleis ratioen mellom CBD og THC i dei ulike produkta speler inn på resultata (6).

CBD er sjeldan undersøkt ved bruk for søvn åleine, og evidensen er i hovudsak rottestudier og kasusrapportar. CBD reknast ofte å ha motsette effektar frå THC; det finst blant anna indikasjonar på at THC har sederande eigenskapar, medan CBD verker stimulerande. Det kan likevel synast som om eventuelle effektar av CBD på søvn avheng av dose, då låge dosar CBD har vorte assosiert med auka merksemd/våkenheit, medan høgare dosar kan verke sederande. Også her kompliserast biletet av moglege underliggjande sjukdomar, kor effekt på søvn kan ha samanheng med påverknad på andre symptom som kan innverke på søvnkvalitet (7). Til dømes vart CBD i dosar mellom 75-300 mg i døgnet vist å betre søvnkvaliteten (auke i total søvnlengd og mindre fragmentert søvn) i ein kasus-serie med Parkinson-pasientar med parasomni grunna ufrivillige bevegelsar og mareritt (8).

KONKLUSJON
CBD-olje til medisinsk bruk som skaffast på lovleg vis i Noreg, har ikkje målbart innhald av THC og forventast derfor ikkje å ha rusgjevande effekt. Evidensen for CBD-produkt brukt ved søvnvanskar er sparsam og av låg vitskapleg kvalitet. Det er noko evidens på at CBD kan innverke på søvnkvalitet, men tolking av resultata kompliserast av lite datamateriale og at underliggjande sjukdom kan spele inn på effektparametrene.

Referanser
  1. 1. Statens legemiddelverk. Hva er tillatt for privatimport per post og hva kan bli stoppet i tollen? http://www.legemiddelverket.no/ (Sist oppdatert: 9. mai 2018).
  2. 2. Statens legemiddelverk. Informasjon om cannabidiol (CBD) for virksomheter. http://www.legemiddelverket.no/ (Publisert: 12. juni 2018).
  3. 3. Statens legemiddelverk. Godkjenningsfritak for legemidler til mennesker. http://www.legemiddelverket.no/ (Sist oppdatert: 22. juni 2018).
  4. 4. Statens legemiddelverk. Cannabis til medisinsk bruk, bakgrunnsdokument fra Legemiddelverket. http://www.legemiddelverket.no (Publisert: 25. november 2016).
  5. 5. Lægemiddelstyrelsen (Danmark). Ændringen af THC-grænsen fra 1. juli 2018. http://www.laegemiddelstyrelsen.dk/ (Publisert: 4. juli 2018).
  6. 6. Gates PJ, Albertella L et al. The effects of cannabinoid administration on sleep: a systematic review of human studies. Sleep Med Rev 2014; 18(6): 477-87.
  7. 7. Babson KA, Sottile J et al. Cannabis, cannabinoids, and sleep: a review of the literature. Curr Psychiatry Rep 2017; 19(4): 23.
  8. 8. Chagas MH, Eckeli AL et al. Cannabidiol can improve complex sleep-related behaviours associated with rapid eye movement sleep behaviour disorder in Parkinson's disease patients: a case series. J Clin Pharm Ther 2014; 39(5): 564-6.