Produsentuavhengig legemiddelinformasjon
for helsepersonell

RELIS Vest
Tlf: 55 97 53 60

Telefontid: 08:00 - 16:00 hverdager.
E-post: relis@helse-bergen.no
www.relis.no

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

RELIS database 2018; spm.nr. 12835, RELIS Vest

Dato for henvendelse: 17.10.2018

  • RELIS Vest

  • Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

Bytte frå levodopa/karbidopa til levodopa/benserazid grunna restsituasjon

Dato for henvendelse: 17.10.2018

RELIS database 2018; spm.nr. 12835, RELIS Vest

SPØRSMÅL: Tablettar med levodopa/karbidopa (Sinemet) er langtidsresta. Apoteket kan skaffe levodopa/benserazid (Madopar) kapslar. Desse er ikkje byttbare, men kan pasienten gå over til å bruke Madopar så lenge restperioden varer? Farmasøyt ønskjer innspel på dette før lege kontaktast.

SVAR: Ifølgje Legemiddelverket sine nettsider er det mangel på Sinemet tabletter, med forventa levering i november 2018. Dei oppgjev at apotek har høve til å levere ut tablettar med levodopa/karbidopa i utanlandske registrerte pakningar frå EU-/EØS-land og Sveits på særskilt vedtak inntil 31. desember 2018 (1). Vi tilrår at dette gjerast, så lenge apoteket sin grossist har høve til å skaffe utanlandske pakningar med levodopa/karbidopa.

Dersom det av ulike årsaker ikkje skulle vere mogleg for apoteket å skaffe utanlandske pakningar med levodopa/karbidopa, må behandlar vurdere om det er tilrådeleg for den aktuelle pasienten å gå over til å bruke levodopa/benserazid istadenfor.

Sinemet og Madopar har same ATC-kode på 5.nivå (N04BA02 - Levodopa og dekarboksylasehemmer), men inneheld ulike dekarboksylasehemmarar (2), og er ikkje byttbare (3), som spørsmålsstillar sjølv påpeiker. At fleire preparat har same ATC-kode på 5. nivå betyr ikkje utan vidare at dei kan nyttast om kvarandre. Forskjellar i farmakokinetikk og effekt mellom dei to preparata er i liten grad undersøkt.

Om bytte mellom dei to preparata gjerast i klinisk praksis i Noreg i dag og eventuelt kva vurderingar som føreligg i slike tilfelle, kan ikkje RELIS seie noko om. Det er uansett behandlande lege, eventuelt i samråd med spesialist, som må vurdere om eit slikt bytte er tilrådeleg for den aktuelle pasienten, dersom apoteket ikkje skulle få tak i utanlandske pakningar med levodopa/karbidopa. Ved ytterlegare spørsmål til handtering av mangelsituasjonen for Sinemet, viser vi til kontaktpersonane som listast på Legemiddelverket si nettsak om dette (1).

KONKLUSJON
Tilrådinga frå Legemiddelverket er at apoteket leverer ut utanlandske pakningar med levodopa/karbidopa på særskilt vedtak, så lenge det er ein restsituasjon for Sinemet tablettar. Ved eventuelle vanskar med å få tak i utanlandske pakningar med levodopa/karbidopa, er det behandlande lege, eventuelt i samråd med spesialist som må avgjere om det er tilrådeleg å bytte til Madopar i ein periode.

Referanser
  1. 1. Statens legemiddelverk. Mangel på Sinemet tabletter. http://www.legemiddelverket.no/ (Sist oppdatert: 24. august 2018).
  2. 2. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Sinemet (Sist oppdatert: 4. oktober 2017), b) Madopar (Sist oppdatert: 12. september 2017). http://www.legemiddelsok.no/
  3. 3. Statens legemiddelverk. Byttelisten per 1. oktober 2018. http://www.legemiddelverket.no/ (Publisert 26. september 2018).