Produsentuavhengig legemiddelinformasjon
for helsepersonell

RELIS Vest
Tlf: 55 97 53 60
E-post: relis@helse-bergen.no
www.relis.no

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

RELIS database 2019; spm.nr. 13101, RELIS Vest

Dato for henvendelse: 14.02.2019

  • RELIS Vest

  • Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

Forskjell i hormonmengde mellom p-stav og hormonspiral

Dato for henvendelse: 14.02.2019

RELIS database 2019; spm.nr. 13101, RELIS Vest

SPØRSMÅL: Kva er forskjellen i hormonmengde for p-stav og levonorgestrel (Jaydess) spiral? Allmennlege spør angåande ein ung pasient som har fått plagsame biverknader etter innsatt p-stav (magesmerter, humørsvingingar og angstanfall). Ho vurderar å skifte til hormonspiral (Jaydess). Gestagenpiller er ikkje aktuelt.

SVAR: Gestagenpreparat kan delast inn i tre grupper basert på systemisk frigjeve hormonmengde. P-stav og minipiller reknast som mellomdoserte preparat, medan hormonspiral er lavdosert. Bruk av hormonspiral med 13,5 mg levonorgestrel slik som Jaydess, gir ein serumkonsentrasjon tilsvarande inntak av ei minipille ein gang annankvar veke. Hormonspiral med høgare dose (52 mg levonorgestrel; Mirena og Levosert) gir en serumkonsentrasjon tilsvarande inntak av ei minipille ein gang i veka (1).

Hormonmengda ein eksponerast for systemisk er altså mykje lågare ved bruk av hormonspiral enn p-stav, men om dette vil vere gunstig med tanke på biverknadane den aktuelle kvinna har opplevd er vanskeleg å føreseie. Abdominalsmerter er oppgitt som ein kjend biverknad av både p-stav og Jaydess. Det er også beskrive nedstemtheit, affektlabilitet, depresjon og angst for p-stav. Vi finn nedstemtheit og depresjon beskrive for Jaydess, men ikkje angst (2, 3).

KONKLUSJON
P-stav er eit mellomdosert gestagenpreparat, medan hormonspiral er rekna som lavdosert. Det er ikkje vist nokon uttala forskjell mellom preparata på gruppenivå, med tanke på dei biverknadane pasienten erfarer. Det kan likevel vere greitt å forsøke å byte prevensjonsmiddel for å sjå om dette kan hjelpe.

Referanser
  1. 1. Sex og Samfunn. eMetodebok for seksuell helse. Prevensjonsmidler - Gestagaenpreparater. http://emetodebok.no/kapittel/prevensjonsmidler/ (14. februar 2019).
  2. 2. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Jaydess (Sist oppdatert: 14. januar 2019), b) Nexplanon (Sist oppdatert: 21. november 2016). https://www.legemiddelsok.no/
  3. 3. Clinical Pharmacology 2019 database. Levonorgestrel. Elsevier, Inc. https://www.clinicalkey.com/pharmacology/login (Sist oppdatert: 17. oktober 2018).