Produsentuavhengig legemiddelinformasjon
for helsepersonell

RELIS Vest
Tlf: 55 97 53 60 (midlertidig stengt pga korona-tiltak)
E-post: relis@helse-bergen.no
www.relis.no

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

RELIS database 2019; spm.nr. 13188, RELIS Vest

Dato for henvendelse: 28.03.2019

  • RELIS Vest

  • Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

Desogestrel ved homozygot Leidenmutasjon og mellomblødingar på p-stav

Dato for henvendelse: 28.03.2019

RELIS database 2019; spm.nr. 13188, RELIS Vest

SPØRSMÅL: Allmennlege spør angående en tenåringsjente som nylig har fått påvist homocygot Leidenmutasjon. Hematolog har avgjort at antikoagulantia ikke er nødvendig. Hun har p-stav som prevensjon, men plages av mellomblødninger og ønsker å forsøke desogestrel (Cerazette) i tillegg en liten periode forsøksvis. Er dette greit hos henne?

SVAR: Mellomblødingar og p-stav
Mellomblødingar er kjent ved bruk av p-stav. Sex og samfunn skriv i si e-metodebok at uregelmessige blødingar dei første 3-4 månadane reknast som normalt, men dersom blødingane held fram ut over dette, er det lite sannsynleg at plagene vil gå over ved framleis bruk av p-stav (1). Amerikanske UpToDate skriv imidlertid at plagene ofte betrast innan 6 til 12 månader og at ein om mogleg bør avvente situasjonen til då (2).

Uregelmessige blødingar kan også skuldast ein seksuelt overførbar sjukdom som til dømes klamydia og dette bør utelukkast før ein forsøker eventuelle medikamentelle tiltak (2).

Moglege tiltak
RELIS har tidlegare sett på tillegg av desogestrel (Cerazette) i ein periode ved mellomblødingar på p-stav (3, 4). Effekten av ei slik behandling er ikkje godt dokumentert, men den kan forsøkast dersom det er kontraindisert med bruk av østrogenhaldige p-piller, som er førstevalet i norske anbefalingar ved mellomblødingar på p-stav (1). RELIS har tidlegare skrive at i tidlig behandlingsfase med p-stav, er det mogleg at eit slikt tillegg kan auke blødingsforstyrringane, men at desogestrel kan vere nyttig i behandling av uregelmessige blødingar som har oppstått etter 1 til 2 års bruk av p-stav (3, 4). Evidensen her er som tidlegare nemnt tynn og vi har ikkje funne at det er tilkomme ny dokumentasjon sidan førre utgreiing.

Tillegg av desogestrel er ikkje inkludert i norske anbefalingar eller i UpToDate, men desogestrel minipiller er heller ikkje på marknaden i USA (1, 2).

Samtidig bruk av p-stav og desogestrel ved homozygot Leiden
Norske anbefalingar tilrår bruk av østrogenhaldig prevensjon ved mellomblødingar på p-stav. Andre medikamentelle tiltak nemnast ikkje. Bruk av østrogenhaldig prevensjon ved homozygot leidenmutasjon er imidlertid ikkje tilrådd grunna auka risiko for venøse tromboemboliar (5-7).

Vi kan ikkje finne at sikkerheita ved samtidig bruk av desogestrel og etonogestrel er undersøkt hos pasientar med homozygot Leidenmutasjon. Det er få studiar som har undersøkt samanhengen mellom bruk av gestagenpreparat og risiko for tromboemboliar, men for middelsdoserte preparat som p-stav og gestagenpiller har studiar foreløpig ikkje vist signifikant auka risiko. Vi vuderer difor at ei slik kombinasjonsbehandling i ein kort periode ikkje utgjer ein ytterlegare tromboembolisk risiko for pasienten (6, 8).

KONKLUSJON
Med tanke på pasienten sin homozygote Leidenmutasjon er det greitt å bruke desogestrel i tillegg til p-stav ein liten periode, men evidensen for effekt på mellomblødingar med p-stav er meir uklar.

Referanser
  1. 1. Sex og Samfunn. emetodebok for seksuell helse. Prevensjonsmidler, gestagenpreparater, p-stav. https://emetodebok.no/ (27. mars 2019)
  2. 2. Edelman A, Kaneshiro B. Management of unscheduled bleeding in women using contraception. Version 41.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 8. oktober 2018).
  3. 3. RELIS database 2016; spm.nr. 6971, RELIS Sør-Øst. (www.relis.no)
  4. 4. RELIS database 2015; spm.nr. 9928, RELIS Vest. (www.relis.no)
  5. 5. Siddiqi T, Bauer KA, Barbieri RL. Contraceptive counseling for women with inherited thrombophilias. Version 34.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 1. mars 2019).
  6. 6. WHO. Medical eligibility criteria for contraceptive use 2015, 5th edition. https://www.who.int/reproductivehealth/publications/family_planning/MEC-5/en/
  7. 7. Norsk gynekologisk forening. Veileder i gynekologi 2015. Prevensjon. https://legeforeningen.no/ (Sist oppdatert: 16. februar 2018)
  8. 8. RELIS database 2017; spm.nr. 11593, RELIS Vest. (www.relis.no)