Produsentuavhengig legemiddelinformasjon
for helsepersonell

RELIS Vest
Tlf: 55 97 53 60
E-post: relis@helse-bergen.no
www.relis.no

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

RELIS database 2020; spm.nr. 13796, RELIS Vest

Dato for henvendelse: 02.01.2020

  • RELIS Vest

  • Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

Lymesyklin, metotreksat, sekukinumab og akutt høyrsletap

Dato for henvendelse: 02.01.2020

RELIS database 2020; spm.nr. 13796, RELIS Vest

SPØRSMÅL: Sjukehuslege spør om det er kjend ototoksisitet eller anna høyrslepåverknad for lymesyklin, metotreksat eller sekukinumab (Cosentyx). Ein pasient i 60-åra med medfødd høyrslehemming på høgre øyret, har brått opplevd redusert høyrsel på det friske øyret, kort tid etter oppstart med både metotreksat mot ankolyserande spondylitt og lymesyklin mot betente knutar i huda. Metotreksat vart starta opp i påvente av oppstart med sekukinumab. Pasienten bruker òg betametason+kliokinol (Betnovat med chinoform).

SVAR: Ototoksisitet eller høyrselstap (hypoacusis) er ikkje nemnd som biverknader i preparatomtalene (SPC) til verken lymesyklin, metotreksat eller sekukinumab (1).

Eit anerkjend klinisk oppslagsverk nemner derimot tetrasyklin blant kjende ototoksiske legemiddel, særskilt hos pasientar med nedsett nyrefunksjon (2). Ein oppsummeringsartikkel frå 2011 som listar kjend legemiddel-assosiert ototoksisitet, tinnitus eller vertigo, oppgjev at ototoksisitet er kjend for minosyklin, tinnitus for doksysyklin og vertigo for tigesyklin og metotreksat (3). Vi har ikkje funne tilsvarande nemnt i litteraturen for sekukinumab, men etter det vi forstår hadde ikkje pasienten starta opp med dette legemidlet då symptoma oppsto. Ingen av kjeldene oppgjev ytterlegare detaljar om moglege mekanismar eller utvikling av desse biverknadane.

Ein nyleg publisert artikkel der formålet var å analysere legemiddelinduserte høyrslebiverknader i den italienske biverknadsdatabasen*, fann ein statistisk signifikant samanheng mellom hypoacusis og bruk av metotreksat (4). Forfattarane skriv at dette var ein uventa biverknad, men at ein mogleg årsak kan vere ekstra-artikulær manifestasjon av revmatoid artritt, såkalla revmatiske knutar, som blant anna kan affisere øyrene. Bruk av metotreksat kan påverke utviklinga av desse knutane og dei viser òg til at det er observert ein doserelatert samanheng mellom høyrsletap hos pasientar med revmatoid artritt og bruk av metotreksat (4).

I Verdas helseorganisasjon (WHO) sin internasjonale biverknadsdatabase* finn vi ingen rapportar på høyrsletap (inkludert døvheit) av lymesyklin, men eit hundretals rapportar for tetrasyklin-antibiotika samla. Vidare finn vi eit 200-tals og eit 400-tals rapportar på høyrsletap (inkludert døvheit) der høvesvis sekukinumab og metotreksat er mistenkte legemiddel (5).

*Det er viktig å understreke at innrapporteringane til både den italienske og WHO sine biverknadsdatabasar baserer seg på spontanrapportering, og opplysningar om bruk av andre legemiddel eller andre høve som kan innverke på sjukdoms- og biverknadsbiletet er ofte mangelfull i dette materialet. Desse rapportane kan dermed ikkje nyttast for å seie noko om årsakssamanheng mellom det aktuelle legemidlet og biverknaden eller til å vurdera frekvens av biverknaden.

KONKLUSJON
Ototoksisitet og/eller høyrsletap (hypoacusis) er rapportert for tetrasyklin-antibiotika, ifølgje fleire kjelder, men lymesyklin nemnast ikkje spesifikt. Vi har ikkje funne utdjupande informasjon om mogleg mekanisme og utvikling av høyrsletap som biverknad etter bruk av tetrasyklin-antibiotika. For metotreksat og sekukinumab finst det i nokre hundretals rapportar om høyrsletap i biverknadsdatabasar som baserer seg på spontanrapportering.

Pasientens plager oppsto i tidsmessig relasjon til behandling med metotreksat og lymesyklin. Ein årsakssamanheng kan derfor ikkje utelukkast, sjølv om andre tilhøve kan ha bidrege. Dersom eitt eller fleire av legemidla mistenkast å ha utløyst høyrsletap hos pasienten, oppmodar vi å melde dette som biverknad til RELIS.

Referanser
  1. 1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Lymecyclin (Sist oppdatert: 6. juli 2018), b) Methotrexate (Sist oppdatert: 9. august 2018), c) Cosentyx (Sist oppdatert: 30. oktober 2019). https://www.legemiddelsok.no/
  2. 2. Weber PC. Etiology of hearing loss in adults. Version 45.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 10. oktober 2019).
  3. 3. Cianfrone G, Pentangelo D et al. Pharmacological drugs inducing ototoxicity, vestibular symptoms and tinnitus: a reasoned and updated guide. Eur Rev Med Pharmacol Sci 2011; 15(6): 601-36.
  4. 4. Barbieri MA, Cicala G et al. Ototoxic adverse drug reactions: a disproportionality analysis using the Italian spontaneous reporting database. Front Pharmacol 2019; 10: 1161.
  5. 5. Verdas helseorganisasjon (WHO). Biverknadsdatabase (Søk: 2. januar 2020).