Produsentuavhengig legemiddelinformasjon
for helsepersonell

RELIS Vest
Tlf: 55 97 53 60
E-post: relis@helse-bergen.no
www.relis.no

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

RELIS database 2020; spm.nr. 14086, RELIS Vest

Dato for henvendelse: 05.05.2020

  • RELIS Vest

  • Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

Lokalanestetika for trommehinne og ototoksiske effektar

Dato for henvendelse: 05.05.2020

RELIS database 2020; spm.nr. 14086, RELIS Vest

SPØRSMÅL: Lege ved ein øyre-nase-hals-avdeling oppgjev at dei bruker lidokain/prilokain krem (Emla/Tapin) for bedøving av trommehinna med god effekt. Eit anna alternativ er lidokain gel (Xylocain). Legemidla reinsast vekk før myringotomi, men det kan vere ein liten risiko for at noko av kremen/gelen kjem inn i mellomøyret dersom ein ikkje får reinsa fullstendig eller ved trommehinneperforasjon. Legen lurer derfor på om nokon av legemidla inneheld ototoksiske stoff?

SVAR: Ifølgje preparatomtalane til både Emla og Tapin, bør ikkje desse appliserast på ei svekka trommehinne, då testar på forsøksdyr har vist at legemidla har ototoksisk effekt når dei blir instillert i mellomøyret (1a,b). Informasjon om eventuelle ototoksiske effektar oppgjevast ikkje i preparatomtalen til Xylocain (1c).

Ei tidlegare RELIS-utgreiing omhandlande tilsvarande problemstilling viser til at symptom som vertigo, kvalme og nystagmus har blitt rapportert etter bruk av lokalanestesi i øyregang eller mellomøyre, moglegvis grunna penetrasjon av legemiddel til det indre øyret (2). Det framgår at problemstillinga er lite studert, men at det ikkje føreligg litteratur som tydar på at verken lidokain eller lidokain/prilokain er ototoksiske. Lidokain framhevast som det tryggaste alternativet, då ein veit mest om dette legemidlet i denne samanhengen (2).

Etter eit oppdatert litteratursøk, finn vi at lite nytt er tilkome av evidens kva gjeld ototoksisitet av lokalanestetika, sjølv om at bruk av lidokain/prilokain synast å vere vanleg ved slike typar prosedyrar det visast til i spørsmålet.

Éin liten klinisk studie undersøkte sensorinevrale høyrsleutfall hos 29 vaksne pasientar (32 øyre) der lidokain/prilokain-krem vart brukt som topisk anestesi ved myringotomi og øyrerøyrsimplantasjon (3). Éin pasient opplevde statistisk signifikant reduksjon (10 dB) i følsomheita for reine tonar, men forfattarane oppgjev at pasienten frå før hadde bilateralt blanda høyrsletap og at ein ikkje kan utelukke at reduksjonen skuldast andre årsaker enn bruk av lokalanestetika. Det framgår ikkje av artikkelen at nokon av pasientane opplevde trommehinneperforasjon. Forfattarane konkluderer med at sensorinevralt høyrsletap ikkje er ein komplikasjon av lokalanestetika i øyret i samband med myringotomi og øyrerøyrsimplantasjon (3).

I Verdas helseorganisasjon sin biverknadsdatabase er det for lidokain og lidokain/prilokain flest rapportar på tinnitus og vertigo blant rapporterte øyrebiverknader, som utgjer eit 300-tals rapportar for dei to legemidla totalt sett. For termer som inkluderer nedsett høyrsle eller døvheit er det under hundre rapportar for dei to legemidla samla sett (4). Det er viktig å understreke at innrapporteringane til WHO baserer seg på spontanrapportering, og opplysningar om applikasjonsstad, bruk av andre legemiddel eller andre høve som kan innverke på sjukdoms- og biverknadsbiletet er ofte mangelfull i dette materialet. Desse rapportane kan dermed ikkje nyttast for å seie noko om årsakssamanheng mellom det aktuelle legemidlet og biverknaden eller til å vurdera frekvens av biverknaden.

KONKLUSJON
Ifølgje preparatomtalen til lidokain/prilokain har dyreforsøk vist ototoksiske effektar, dersom dei instillerast i mellomøyret. Vi har ikkje funne litteratur som tyder på at lidokain eller lidokain/prilokain gjev ototoksiske effektar hos menneske, brukt som lokalanestesi for myringotomi og øyrerøyrsimplantasjon. Ein kan likevel ikkje utelukke at irritasjon eller skade på vev kan oppstå, dersom legemidla kjem til i det indre øyret.

Referanser
  1. 1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Emla (Sist oppdatert: 16. januar 2018), b) Tapin (Sist oppdatert: 22. mai 2015), c) Xylocain gel (Sist oppdatert: 31. januar 2018). https://www.legemiddelsok.no/
  2. 2. RELIS database 2013; spm.nr. 8303, RELIS Vest. (www.relis.no)
  3. 3. Marzouk S, Al-Lami A et al. Assessing ototoxicity and patients' satisfaction of topical local anaesthesia in myringotomy and ventilation tube insertion. J Laryngol Otol 2019; 133(4): 285-8.
  4. 4. Verdas helseorganisasjon (WHO). Biverknadsdatabase (Søk: 5. mai 2020).