Produsentuavhengig legemiddelinformasjon
for helsepersonell

RELIS Vest
Tlf: 55 97 53 60
E-post: relis@helse-bergen.no
www.relis.no

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

RELIS database 2007; spm.nr. 4456, RELIS Vest

Dato for henvendelse: 17.07.2007

  • RELIS Vest

  • Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

NB! Denne utredningen er mer enn 5 år gammel

Protonpumpehemmarar og interstitiell nefritt

Dato for henvendelse: 17.07.2007

RELIS database 2007; spm.nr. 4456, RELIS Vest

SPØRSMÅL: Lege ynskjer tilsendt artiklar vedrørande protonpumpehemmarar og interstitiell nefritt.

SVAR: RELIS fann to artiklar vedrørande protonpumpehemmarar og akutt interstitiell nefritt (1-2) og desse vart sendt spørsmålsstillar. Det oppsummerast kort nedanfor.

Akutt interstitiell nefritt er rapportert for alle protonpumpehemmarar (PPI) registrert i Noreg, og tilgjengelige data kan tyde på at biverknaden er ein klasseeffekt av PPI (1,3). I norske preparatomtalar for PPI er interstitiell nefritt oppgitt å vere ein sjeldan (<1/1 000) eller svært sjeldan (<1/10 000) biverknad (4).

Ved litteratursøk finn ein eit titals kasusrapportar publisert sidan 1992, og nokre få oversiktsartiklar. Ein gjennomgang (1) tek føre seg 15 tilfelle av AIN der PPI var rapportert å vere den mest sannsynlege utløysande årsaka. Tilfella er henta frå Auckland, New Zealand i perioden 2002-2005 og PPI var den legemiddelgruppa som oftast forårsaka AIN. Antibiotika, NSAIDs og andre legemiddel i tillegg til infeksjonar, systemiske sjukdommar og ikkje klarlagde årsaker sto bak dei resterande tilfella (1).

Ein tilsvarande retrospektiv gjennomgang er gjort ved eit sjukehus i Storbritannia (2) der ein har sett nærare på 14 legemiddelutløyste tilfelle av akutt tubulo-interstitial nefritt (TIN). Av desse kunne 2 tilfelle tilskrivast bruk av lansoprazol og 6 bruk av omeprazol (2).

Referanser
  1. 1. Simpson IJ, Marshall MR et al. Proton pump inhibitors and acute interstitial nephritis: Report and analysis of 15 cases. Nephrology 2006; 11: 381-5.
  2. 2. Torpey N, Barker T et al. Drug-induced tubulo-interstitial nephritis secondary to proton pump inhibitors: experience from a single UK renal unit. Nephrol Dial Translplant 2004; 19: 1441-6.
  3. 3. Geevasinga N, Coleman PL et al. Proton pump inhibitors and acute interstitial nephritis (Abstract). Clin Gastroenterol Hepatol 2006; 4 (5): 597-604.
  4. 4. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a: Losec MUPS (Sist endra: 09.08.2006), b: Nexium (Sist endra: 30.11.2006), c: Somac (Sist endra: 16.11.2005), d: Lanzo (Sist endra: 14.11.2005). http://www.legemiddelverket.no/preparatomtaler.