Produsentuavhengig legemiddelinformasjon
for helsepersonell

RELIS Vest
Tlf: 55 97 53 60

Telefontid: 08:00 - 16:00 hverdager.
E-post: relis@helse-bergen.no
www.relis.no

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

RELIS database 2012; spm.nr. 7280, RELIS Vest

Dato for henvendelse: 24.02.2012

  • RELIS Vest

  • Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

NB! Denne utredningen er mer enn 5 år gammel

Byte frå digoksin til digitoksin

Dato for henvendelse: 24.02.2012

RELIS database 2012; spm.nr. 7280, RELIS Vest

SPØRSMÅL: Ein sjukeheimspasient på 84 år har rask atrieflutter, og får for dette digoksin (Lanoxin) og metoprolol. Avdelinga er gått tom for digoksin, og det er ynskjeleg å gi digitoksin. Sjukeheimslege lurer på korleis han skal gå fram.

SVAR: Munnleg svar er gitt om at digoksin kan seponerast og forventa vedlikehaldsdose av digitoksin startast neste dag (1), og at lege må vera merksam på klinisk forverring hjå pasienten då samla digitaliskonsentrasjon med denne framgongsmåten for ein periode kan falla. Mottakar ynskte i tillegg skriftleg tilbakemelding med ytterlegare gjennomgong av emnet.

Digoksin og digitoksin er begge hjarteglykosid. Dei blir brukt på same indiksjon, hjartesvikt, atrieflutter og -flimmer, og paroksysmale supraventrikulære takykardiar (2). Dei har omtrent same farmakologiske effektar når de blir brukt i ekvipotente dosar, bortsett frå at digoksin har noko mindre vagusstimulerande effekt (3). Imidlertid har dei ulik farmakokinetikk og legemiddelinteraksjon, noko ein må ta hensyn til i byte mellom stoffa. Digoksin har kortare halveringstid enn digitoksin, og eliminasjonen er i større grad avhengig av nyrefunksjon, er noko som krev tettare monitorering av serumnivå og nyrefunksjon. I samband med at digitoksin no går ut av produksjon er det utarbeidd sentrale retningslinjer for overgang frå digitoksin til digoksin (3). Det eksisterer ikkje tilsvarande retningslinjer for byte frå digoksin til digitoksin.

Overgang frå digoksin til digitoksin:
I ein internasjonal legemiddelomtale er det foreslått følgjande: dersom pasienten brukar 0,25 mg digoksin dagleg, kan digoksin seponerast, og pasienten dei to påfølgjande dagane få metningsdose 0,4 mg digitoksin, og deretter 0,2 mg dag tre. Etter dette vedlikehaldsdose på 0,1 mg digitoksin. Pasienten må då i utgongspunktet ha likevektskonsentrasjon av digoksin, og normal nyrefunksjon (4).

Hjå eldre pasientar har ein sett at sjølv vedlikehaldsdosering på 0,05 mg digitoksin dagleg kan vera nok til å gi symptom på toksisitet, og forhøya serumkonsentrasjonar (5). Ein tryggare framgongsmåte for overgang frå digoksin til digitoksin for denne aldersgruppa er å seponera digoksin og neste dag starta med forventa vedlikehaldsdose av digitoksin (t.d. 50 mcg dagleg) som tilrådd i tidlegare RELIS-utgreiing (1). Dette vil gi mindre risiko for feildosering. Halveringstid av digoksin er på ca 36 timar, dette gjer at ein forventar at digoksin er ute av kroppen etter ca ei veke (fem gonger halveringstida). Ved nyresvikt er denne tida forlenga. Lengre halveringstid av digitoksin på 4-8 dagar gjer at ein oppnår likevektskonsentrasjon etter 20 dagar eller meir. Ein kan då få ein periode der pasienten samla sett har lågare konsentrasjon av digitalisglykosid, og behandlande lege må vera merksam på klinisk forverring av symptom. I det aktuelle tilfellet brukar pasienten metoprolol som vil kunna motverka klinisk forverring i perioden med lågare konsentrasjon av digitalisglykosid. Serum-digitoksin bør monitorerast, og dose justerast ut frå serumnivå og klinisk respons. Laboratoriet bør gjerast merksam på at det er gjort eit byte frå digoksin til digitoksin, då det kan forekomma kryssreaksjonar ved analyse.

Referanser
  1. 1. RELIS database 2005; spm.nr. 1016, RELIS Øst (www.relis.no/database)
  2. 2. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) a) Lanoxin (Sist endra 26. april 2010). b) Digitoxin (Sist endra 7. februar 2011). http://www.legemiddelverket.no/legemiddelsok (Sist endret: dd. måned åååå).
  3. 3. Statens legemiddelverk. Overgang fra digitoksin til digoksin hos voksne.
  4. 4. Klasco RK, editor. Digoxin. (Drug Evaluation). Micromedex. http://www.thomsonhc.com/ (7. februar 2012).
  5. 5. Hønnås A, Reimers A; Dosering av digitoksin i klinisk praksis, Tidsskr Nor Legeforen nr 13-14, 2010; 130:1334-6.