Produsentuavhengig legemiddelinformasjon
for helsepersonell

RELIS Midt-Norge
Tlf: 72 82 91 10
E-post: midtnorge@relis.no
www.relis.no

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

RELIS database 2015; spm.nr. 5664, RELIS Midt-Norge

Dato for henvendelse: 29.09.2015

  • RELIS Midt-Norge

  • Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

Tinnitus som biverknad

Dato for henvendelse: 29.09.2015

RELIS database 2015; spm.nr. 5664, RELIS Midt-Norge

SPØRSMÅL: Pasient med residiverande fotsopp og sikker sekundærinfeksjon. Behandla med ciprofloksacin 500 mg x 2 i sju dagar, og terbinafin (Lamisil) tablettar i ti dagar før overgang til lokal behandling. Ei veke etter avslutta behandling akutt innsettande høgfrekvent piping "mellom" øyrene. Sidelik, men mulig litt sterkare til venstre. Vedvarande siste tre veker med litt varierande intensitet, aldri heilt borte. Litt diffus svimmelheit periodevis, ikkje sikkert hørselstap. Litt uvell følelse, men ikkje kvalme, samt litt tyngsle i hovudet. Debuten kom same dag, eller dagen etter eit moderat migreneanfall med sparsomme symptom. Pasienten brukar og sotalol 120 mg x 2 for paroksystisk atrieflimmer samt simvastatin 40 mg. Kan pasientens symptom vere biverknader av medikament? Prognose og tiltak?

SVAR: Tinnitus og tap av hørsel/nedsatt hørsel er angjeve som ein sjeldan biverknad i den godkjende norske preparatomtalen (SPC) for ciprofloksacin (1). For terbinafin er tinnitus angjeve som ein mindre vanleg biverknad (2). Det er generelt vanskeleg å slå fast ein årsakssamanheng mellom bruk av legemiddel og sjeldne biverknader, og slike data må tolkast med varsemd. Tinnitus er ein vanleg tilstand, og det finns ofte ingen kjend utløysande årsak. Ototoksiske legemidler kan være årsak til tinnitus. Fluorokinoloner (som ciprofloksacin) er oppført på ein oversikt over legemiddel som kan forårsake eller forverre tinnitus, mens pasientens øvrige legemiddel ikkje er det (3).

Her har pasienten sin tinnitus debutert ei veke etter avslutta behandling. Bivirknader av legemiddel sjåast oftast i starten av behandlinga, men kan og oppstå etter bruk over lang tid. Ciprofloksacin har kort halveringstid, og er heilt ute av kroppen ei veke etter avslutta behandling (1). Terbinafin har lang terminal halveringstid etter gjenteke dosering (16,5 dagar), og det vil vere betydelege mengder terbinafin i kroppen ei veke etter avslutta behandling (2). Tida mellom avslutta behandling og start av tinnitus talar trass i dette mot ein samanheng mellom bruk av legemidla og tinnitus, sjølv om ein slik samanheng ikkje kan utelukkas.

Vi har ikkje funne haldepunkt for at migrene kan utløyse tinnitus. Ein studie frå Australia fant noko høgare risiko for tinnitus hos personar med migrene, men studien seier ikkje noko om ein mogleg årsakssamanheng, og heller ikkje om debut av tinnitus i samband med migreneanfall (4). I ein kasuistikk-serie presenteres tre pasientar med migrene som opplever forverring av sin tinnitus under migreneanfall. Det er ikkje skildra migrene som utløysande årsak for tinnitus for nokon av desse pasientane (5).

Medikamentutløyst tinnitus kan vera reversibelt om behandlinga med medikamentet avsluttast (6). Det finns ingen konkret behandling for tinnitus, og prognosen er av den grunn og usikker.

RELIS oppmodar til å melde mistenkte biverknader. Det er viktig å hugse at mistanke er nok til å melde, og det trengs ikkje noko etablert årsaksamanheng for melde. Meldeskjema finns på www.relis.no/bivirkninger.

KONKLUSJON
Det er ikkje mogleg å slå fast ein samanheng mellom pasientens bruk av legemiddel og tinnitus, men ein slik samanheng kan ikkje utelukkast. Vi har ikkje funne migrene skildra som utløysande årsak til tinnitus, men ein slik samanheng kan heller ikkje utelukkast.

Referanser
  1. 1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Ciproxin. http://www.legemiddelverket.no/legemiddelsok (Sist oppdatert: 29. oktober 2013).
  2. 2. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Lamisil. http://www.legemiddelverket.no/legemiddelsok (Sist oppdatert: 25. juni 2013).
  3. 3. Dincess E. Etiology and diagnosis of tinnitus. Version 17.0. In: UpToDate. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 2. april 2015).
  4. 4. Sindhusake D, Golding M et al. Risk factors for tinnitus in a population of older adults: The Blue Mountain hearing study. Ear & Hearing 2003; 24: 501-7.
  5. 5. Volcy M, Sheftell F et al. Tinnitus in migraine: An allodynic symptom secondary to abnormal cortical functioning? Headache 2005; 45: 1083-7.
  6. 6. Dincess E. Treatment of tinnitus. Version 23.0. In: UpToDate. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 15. oktober 2014).