Skip to content
RELIS Logo RELIS Logo
  • Hjem
  • Bivirkninger
  • Om RELIS
    • Om RELIS
    • RELIS Midt-Norge
    • RELIS Nord-Norge
    • RELIS Sør-Øst
    • RELIS Vest
  • Hjem
  • Bivirkninger
  • Om RELIS
    • Om RELIS
    • RELIS Midt-Norge
    • RELIS Nord-Norge
    • RELIS Sør-Øst
    • RELIS Vest
  • Hjem
  • Bivirkninger
  • Om RELIS
  • RELIS Midt-Norge
  • RELIS Nord-Norge
  • RELIS Sør-Øst
  • RELIS Vest

NB! Denne utredningen er mer enn 5 år gammel.

Interaksjonspotensiale mellom ranitidin og alkohol

  • Publisert: 20.05.2008

Spørsmål
For nokre ranitidin-preparat er det oppgitt i preparatomtale at ranitidin aukar effekten av alkohol, medan for andre er ikkje dette nevnt. Er det ein etablert interaksjon mellom ranitidin og alkohol og kva er i så fall forklaringa? Spørsmål frå apotekfarmasøyt.

 

Svar
Studiar viser motstridande resultat vedrørande ein mogleg interaksjon mellom alkohol og H2-reseptorantagonistar. Nokre studiar finn auka alkoholkonsentrasjon i blod etter alkoholinntak ved bruk av H2-reseptorantagonistar, og det er også sett at alkoholnivå heldt seg høgare over lengre tid (1). Alkohol blir i vesentleg grad nedbrote av alkohol dehydrogenase (ADH) i slimhinna i magesekken (2). Redusert nedbryting av alkohol i magesekken er truleg mekanismen for ein eventuell interaksjon mellom H2-reseptorantagonistar og alkohol. H2-reseptorantagonistar kan hemme aktiviteten av gastrisk ADH slik at meir alkohol blir tatt opp i blodet, eller dei kan gje hurtigare tømming av magesekken slik at nedbrytinga skjer over eit kortare tidsrom (1). Teorien om hemming av gastrointestinal metabolisme støttast opp av at interaksjonen uteblir ved intravenøs administrering av alkohol. Vidare er tendensen at studiar med større alkoholinntak gjev mindre signifikante funn, noko som kan forklarast med metting av ADH (1). Forskjellig alkoholmengd i studiane kan vere årsaka til dei sprikande resultata, men det kan også skuldast innverknad av individuelle faktorar som kjønn, etnisk gruppe, leverfunksjon og kronisk alkoholisme (1,3). Innverknad på alkoholkonsentrasjon synast i fleire studiar å vere meir uttalt for cimetidin enn for ranitidin og andre H2- reseptorantagonistar, men det motsette er også observert (1). Ei kjelde skiljer mellom cimetidin og andre H2-reseptorantagonistar, og oppgjev ein låggradig interaksjon mellom cimetidin og alkohol, og ein ubetydeleg innverknad frå dei andre H2-reseptorantagonistane. I følgje denne kjelda kan cimetidin også hemme hepatisk metabolisme av alkohol i tillegg til ADH i magesekken (4). Alkohol kan forverre mange av dei gastrointestinale sjukdomane som behandlast med H2-reseptorantagonistar. I tillegg kan hypoglykemi assosiert med alkoholinntak aukast av H2-reseptorantagonistar (1).

 

Konklusjon
Mekanismen for ein interaksjon mellom H2- reseptorantagonistar og alkohol involverer truleg redusert nedbryting av alkohol i magesekken, anten ved hemming av ADH eller ved hurtigare tømming av magesekken. Det er usikkert om interaksjonen er klinisk relevant og det er ikkje grunnlag for ein generell advarsel mot alkohol og H2-reseptorantagonistar, sjølv om klinisk signifikans i predisponerte individ ikkje kan utelukkast. Varsemd med alkohol kan likevel vere viktig i denne pasientgruppa, då mange av tilstandane som behandlast med H2-reseptorantagonistar forverrast av alkohol.

Referanser

  1. Baxter K, editor. Stockley’s Drug Interactions. London: Pharmaceutical Press. Electronic version. (04. april 2008).
  2. Ellenhorn MJ, editor. Ellenhorn’s Medical Toxicology 1997;2nd ed.:1128.
  3. McEvoy GK, editor. The AHFS Drug Information 2006. Bethesda, MD: American Society of Health-System Pharmacists; 2006. Electronic version. (04. april 2008).
  4. SubScribeRx. Drug Interactions. http://subscriberx.com/iqhealth/druginfostart.html (09. april 2008).

Skrevet av

Høyland HK, Bakkebø T.

Publisert i

Norsk Farmaceutisk Tidsskrift

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

  • 2008, Artikler, Interaksjoner

Del denne artikkelen:

Facebook
Twitter
LinkedIn

Nyttige lenker

Meld mistenkte bivirkninger

Still spørsmål

Kurs & seminarer

KUPP

Tryggmammamedisin

Sidekart

  • Hjem
  • Bivirkninger
  • Om RELIS
    • Om RELIS
    • RELIS Midt-Norge
    • RELIS Nord-Norge
    • RELIS Sør-Øst
    • RELIS Vest

Kontakt oss

Tekniske henvendelser sendes til:
IKT-skjema

Nyhetsbrev

Copyright © 2026 RELIS
FacebookTwitter
Page load link