Sjukepleiarar som biverknadskontaktar – ny publikasjon
I 2020 innleia RELIS Vest eit samarbeid med Hjerteavdelingen ved Haukeland universitetssjukehus om å tilby eit opplæringsprogram om legemiddeltryggleik og biverknadsrapportering til sjukepleiarar.
Sjukepleiarar er ei helsepersonellgruppe som er tett på pasientane og som ofte har ansvar for å administrere legemiddel. Dei er dermed i ein nøkkelposisjon til å plukke opp endringar i klinisk tilstand som kan skuldast legemiddelbruk – særskilt hos sårbare pasientar.
Biverknadsmeldingar frå helsepersonell er den viktigaste kjelda til å auke kunnskapen om nytte-risiko-balansen til legemiddel, men dessverre er det ei stor grad av underrapportering, også kva gjeld nye, ukjente og alvorlege biverknader. Frå 1. januar 2020 vart meldeplikta for legemiddelbiverknader utvida til å gjelde alt helsepersonell.
I tillegg til opplæring i bruk av sjølve meldeskjemaet på melde.no, var målet med opplæringsprogrammet å gje sjukepleiarane
- Tryggleik i å snakke om biverknader med pasientar og kollegaer
- Betre føresetnader for å førebyggje biverknader eller redusere nye tilfelle av biverknader
- Auka merksemd rundt verdien av å avdekke og rapportere biverknader
Les meir om bakgrunnen for, innhaldet i og dei foreløpige resultata frå programmet i publikasjonen
Publisert i
Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.