Produsentuavhengig legemiddelinformasjon
for helsepersonell

RELIS Vest
Tlf: 55 97 53 60
E-post: relis@helse-bergen.no
www.relis.no

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

RELIS database 2016; spm.nr. 10628, RELIS Vest

Dato for henvendelse: 16.03.2016

  • RELIS Vest

  • Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

P-piller og Raynauds fenomen

Dato for henvendelse: 16.03.2016

RELIS database 2016; spm.nr. 10628, RELIS Vest

SPØRSMÅL: Ei ung jente bruker p-pilla Loette 28 (levonogestrel / etinyløstradiol). Samanfallande med bruk har ho utvikla svært plagsamme Raynauds fenomen. Spørsmålsstillar finn ikkje dette omtala i Felleskatalogen, men har funne medisinske kommentarar i tidskriftet BMJ kor det drøftast om endringar knytta til fibrin og blodviskositet kan forklare ein slik samanheng. Er dette ein samanheng som er anerkjend, og bør ein i så tilfelle utvise varsemd grunna auka risiko for trombose/emboli? Spørsmål frå ein lege.

SVAR: RELIS har tidlegare funne at p-piller ikkje er kontraindisert ved Raynauds fenomen (1). Det stemmer likevel at Raynauds fenomen og p-piller er omtala som eit kontraindikasjonsspørsmål med påfølgande kommentarar i BMJ i 1976 (2, 3, 4). Det blir her drøfta at både Raynauds fenomen og p-piller kan ha ein innverknad på fibrinogen-nivå i plasma, og at det kan vere grunnlag for ein kontraindikasjon. Vi har ikkje funne andre kjelder som omtaler denne samanhengen. Det er muleg at hormonmengda i p-pillene på tidspunktet for denne diskusjonen kan ha vore mykje høgare enn kva som er normalt for p-piller i dag. Ein effekt av kvinnelege kjønnshormon på vasokonstriksjon av perifere blodkar er foreslått som ein av fleire mulege faktorar som kan utløyse Raynauds fenomen (5), men denne samanhengen er ikkje stadfesta (6). Bruk av østrogen og progestogen i kombinasjon er ikkje vist å påverke frekvens eller alvorlegheitsgrad av Raynauds fenomen (7, 8).

Raynauds fenomen er ikkje sett opp som ein biverknad i den norske preparatomtalen av Loette (9), men ei kjelde oppgjev at Raynauds er rapportert som ein biverknad ved p-pillebruk (10). Det er lite å finne elles i litteraturen på at p-pillebruk kan utløyse Raynauds fenomen, men ein slik samanheng kan likevel ikkje utelukkast.

Raynauds fenomen kan skuldast anna underliggjande sjukdom, som kan ha innverknad på generell blodproppsrisiko og der p-pillebruk kan vere uheldig eller forverre grunnsjukdommen. Generelt bør derfor andre mulege årsakar til utløysinga av Raynauds undersøkast, og det bør gjerast ei totalvurdering av blodproppsrisiko ved p-pillebruk.

KONKLUSJON
P-piller er ikkje kontraindisert ved Raynauds fenomen og det er ikkje dokumentert at p-pillebruk kan utløyse sjukdommen. Ein bør likevel undersøke underliggjande årsaker, då p-piller kan gje auka blodproppsrisiko og forverring av somme av sjukdommane som kan utløyse Raynauds fenomen.

Referanser
  1. 1. RELIS database 2013; spm.nr. 7799, RELIS Vest (www.relis.no)
  2. 2. Anonym. Is Raynaud’s disease a contraindication to a woman taking the contraceptive pill? Br Med J 1976; 2(6028): 156.
  3. 3. Eastcott HH. Raynaud’s disease and the oral contraceptive pill. Br Med J 1976; 2(6033): 477.
  4. 4. Jarrett PEM. Raynaud’s disease and oral contraceptives. Br Med J 1976; 2(6037): 699.
  5. 5. Turton EP, Kent PJ et al. The aetiology of Raynaud’s phenomenon. Cardiovasc Surg 1998; 6(5): 431-40.
  6. 6. Wigley FM. Initial treatment of Raynaud phenomenon. Version 11.0. In: UpToDate. http://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 25. juni 2014).
  7. 7. Bartelink ML, Wollersheim H et al. Raynaud’s phenomenon: subjective influence of female sex hormones. Int Angiol 1992; 11(4): 309-15.
  8. 8. Fraenkel L, Zhang Y et al. The association of estrogen replacement therapy and the Raynaud phenomenon in postmenopausal women. Ann Intern Med 1998; 129(3): 208-11.
  9. 9. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Loette 28. http://www.legemiddelverket.no/legemiddelsok (Sist oppdatert: 14. august 2013).
  10. 10. McEvoy GK, editor. Estrogen-Progestin combinations. The AHFS Drug Information (online). http://www.medicinescomplete.com/ (14. mars 2016).