Produsentuavhengig legemiddelinformasjon
for helsepersonell

RELIS Vest
Tlf: 55 97 53 60

Telefontid: 08:00 - 16:00 hverdager.
E-post: relis@helse-bergen.no
www.relis.no

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

RELIS database 2017; spm.nr. 12049, RELIS Vest

Dato for henvendelse: 09.11.2017

  • RELIS Vest

  • Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

Irritabel tarm syndrom og nedsett effekt av morfin depottablettar

Dato for henvendelse: 09.11.2017

RELIS database 2017; spm.nr. 12049, RELIS Vest

SPØRSMÅL: Pasient med sterke kroniske smerter behandlast med blant anna morfin depottablettar (Dolcontin) 60 mg 2 gonger dagleg. Pasienten har symptom på irritabel tarm med diaréproblematikk, men har ikkje hatt utgreiing av denne tilstanden enno. Opplev mindre effekt av Dolcontin enn før. Kan dette ha samanheng med tilvenning i kombinasjon med dårleg opptak av legemidlet? Pasienten ønskjer trappe ned Dolcontin, så for å unngå doseauke, vil det vere tilrådeleg å bytte til ein anna type smertestillande i ein periode? Spørsmål frå sjukepleiar.

SVAR: Virkestoffet i Dolcontin depottablettar utløysast gradvis ved passasje gjennom mage-tarm-kanalen (1). Ved mogleg irritabel tarm syndrom (IBS) kor diaré er eit av hovudsymptoma, kan transittida gjennom mage-tarm-kanalen vere redusert. Det påfølgjande resultatet kan då vere ein reduksjon av biotilgjengelegheit og effekt. Samstundes er det kjend at toleransen for opioidar vil auke med høge dosar over tid, noko som òg kan føre til nedsett analgetisk effekt (2).

Den opplevde nedgongen i effekt kan potensielt skuldast både mage-tarm-problema og toleranseutvikling, men det er ikkje mogleg å føreseie i kva grad desse to faktorane speler inn i det aktuelle tilfellet. Eventuelle andre årsaker til pasientens auka dosebehov bør òg utgreiast.

For å omgå ein eventuell nedsett effekt som følgje av mage-tarm-problema, kan ein forsøke å byte til smerteplaster med fentanyl eller buprenorfin. Om dette vil vere aktuelt for pasienten må vurderast av behandlande lege. Oversikt over ekvianalgetiske dosar kan blant anna finnast i Norsk legemiddelhandbok, og i Nasjonal fagleg rettleiar for bruk av opioid ved langvarige ikkje-kreftrelaterte smerter. Slike tabellar er rettleiande og ved konvertering mellom ulike administrasjonsvegar og preparat må ein vere merksam på at individuelle forskjellar i biotilgjengelegheit kan påverke kva som er ekvianalgetiske dosar. Det føreligg dermed ein risiko for både underbehandling og overbehandling ved slike byte, men generelt sett er det ei vanleg tilråding å dosere det nye opioidet lågare enn ekvianalgetisk dose, og eventuelt titrere opp til tilfredsstillande effekt (2, 3).

I somme tilfelle kan det òg vere aktuelt med nedtrapping og erstatting av opioidbehandling når opioideffekten avtar. Vi er ikkje kjend med kor lenge den aktuelle pasienten har blitt behandla med Dolcontin eller kva oppfølging pasienten har, men involvering av ein tverrfagleg smerteklinikk kan vere nyttig i tilfelle kor pasienten har avtakande effekt trass høge døgndosar (2).

KONKLUSJON
Den opplevde nedgongen i effekt kan skuldast dårlegare opptak grunna mage-tarm-problema og/eller toleranseutvikling, men det er ikkje mogleg å føreseie i kva grad desse to faktorane speler inn i det aktuelle tilfellet. Ved mistanke om at mage-tarm-problema øydelegg for den smertelindrande effekten av depottablettane, kan ein forsøke overgong til smerteplaster. I somme tilfelle kan det òg vere aktuelt med nedtrapping og erstatting av opioidbehandling når opioideffekten avtar; dette må vurderast av behandlande lege, eventuelt i samarbeid tverrfagleg smerteklinikk.

Referanser
  1. 1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Dolcontin. http://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 28. august 2011).
  2. 2. Helsedirektoratet. Nasjonal faglig veileder for bruk av opioider – ved langvarige ikke-kreftrelaterte smerter. IS-2077. http://www.helsedirektorate.no/ (Sist oppdatert: 14. september 2016).
  3. 3. Norsk legemiddelhåndbok for helsepersonell. Ekvianalgetiske doser av opioidanalgetika og virkningstid (tabell). http://legemiddelhandboka.no/ (Sist oppdatert: 31. oktober 2016).