Produsentuavhengig legemiddelinformasjon
for helsepersonell

RELIS Vest
Tlf: Stengt pga korona-tiltak - ta kontakt via e-post og vi ringer tilbake
E-post: relis@helse-bergen.no
www.relis.no

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

RELIS database 2019; spm.nr. 13271, RELIS Vest

Dato for henvendelse: 08.05.2019

  • RELIS Vest

  • Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

Allergibehandling til barn på 4 månader

Dato for henvendelse: 08.05.2019

RELIS database 2019; spm.nr. 13271, RELIS Vest

SPØRSMÅL: Barn på 4 månader har dei siste dagane hatt aukande renning frå auger og nase. Ingen andre symptom på øvre luftvegsinfeksjon eller teikn til infeksjon ved klinisk undersøking, eller i anamnesen. Pollen mistenkast som årsak. Mor har graspollenallergi. Kva behandling kan vere aktuelt? Spørsmål frå allmennlege.

SVAR: Allergisk rhinokonjunktivitt utviklast som følgje av gjentatt eksponering for allergen (sensibilisering) og førekomsten aukar med aukande alder på barnet (1, 2). Allergisk rhinokonjunktivitt diagnostiserast vanlegvis i 4-5-års alder, men kan også førekomme hos yngre barn (1). Allergisk rhinitt er derimot uvanleg hos barn under to år (3), og det er viktig å utelukke eventuelle andre årsaker til barnets symptom, som til dømes adenoid hypertrofi og anatomiske variantar (1, 3).

Ifølgje den norske pediatri-rettleiaren vil vask av andlet og skyljing av auge og nase med saltvatn kunne lindre på dagar med mykje polleneksponering. Pediatri-rettleiaren tilrår antihistamin som førsteval ved allergisk rhinitt, lokalt ved milde plager og systemisk ved moderate til alvorlege plager. For allergisk konjunktivitt nemnast kombinasjonsaugedråpar med antihistamin og adrenergikum, eller augedråpar med natriumkromoglikat eller antihistamin (1). UpToDate oppgjev at intranasale glukokortikoid kan vere eit alternativ ved allergisk rhinitt hos barn under to år dersom behandling med natriumkromoglikat nasespray eller andre-generasjons systemiske antihistamin ikkje har gitt effekt (3).

Ingen av behandlingane nemnt over har godkjend indikasjon til barn under seks månader, etter det RELIS er kjend med. Vi har også gjennomgått litteraturen og fleire anerkjende oppslagsverk, og finn heller ingen doseringstilvisingar til barn under seks månader for dei aktuelle behandlingane. Orale antihistamin har doseringstilvisingar frå seks månaders alder, medan det for lokalbehandling med nasespray og/eller augedråpar sjeldan finst doseringstilvisingar for barn under to år (1-6).

Ved bruk av nokon av dei vanleg tilrådde legemidla mot allergisk rhinokonjunktivitt til barn under seks månader vil dette reknast som behandling utanfor godkjend indikasjon, og behandlande lege tar då på seg eit særskild fagleg og juridisk ansvar. Det gjeld spesielt med tanke på tryggleiken til pasienten.

KONKLUSJON
Sesongbasert allergisk rhinokonjunktivitt hos eit barn på 4 månader er uvanleg og andre årsaker til symptoma bør undersøkast. Vi har ikkje funne kjelder som omtalar aktuell legemiddelbehandling mot rhinokonjunktivitt til barn under seks månader. Slik behandling vil derfor reknast som behandling utanfor godkjend indikasjon, kor legen tar på seg eit særskilt ansvar.

Det er mogleg at spesialistar eller sjukehusavdelingar har erfaring med behandling av allergisk rhinokonjunktivitt hos så små barn. Det kan derfor vere aktuelt å kontakte spesialisthelsetenesta for vidare rådgjeving i denne saka.

Referanser
  1. 1. Norsk barnelegeforening. Generell veileder i pediatri: 6.4. Allergisk rhinokonjunktivitt. https://www.helsebiblioteket.no/ (Revidert: 2017).
  2. 2. Roberts G, Xatzipsalti M et al. Paediatric rhinitis: position paper of the European Academy of Allergy and Clinical Immunology. Allergy 2013; 68(9): 1102-16.
  3. 3. deShazo RD, Kemp SF. Pharmacotherapy of allergic rhinitis. Version 46.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 8. april 2018).
  4. 4. Paediatric Formulary Committee. BNF for Children April 2019 (online). a) Cetirizine hydrochloride, b) Desloratadine. https://www.helsebiblioteket.no/
  5. 5. Lexicomp in UpToDate. a) Cetirizine (systemic): Pediatric drug information, b) Desloratadine: Pediatric drug information, c) Cromolyn (sodium cromoglicate) (nasal): Pediatric drug information. https://www.helsebiblioteket.no/ (Søk: 7. mai 2019).
  6. 6. Hamrah P, Dana R. Allergic conjunctivitis: Management. Version 15.0. In: UpToDate. https://www.helsebiblioteket.no/ (Sist oppdatert: 1. desember 2017).