Produsentuavhengig legemiddelinformasjon
for helsepersonell

RELIS Vest
Tlf: 55 97 53 60
E-post: relis@helse-bergen.no
www.relis.no

Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

RELIS database 2019; spm.nr. 13794, RELIS Vest

Dato for henvendelse: 31.12.2019

  • RELIS Vest

  • Utredningen er utarbeidet på grunnlag av tilgjengelig litteratur og ressurser på publiseringstidspunktet. Innholdet i utredningen oppdateres ikke etter publisering. Helsepersonell er selv ansvarlig for bruk av utredningens innhold i rådgivning eller pasientbehandling.

Tinnitus som biverknad av bupropion

Dato for henvendelse: 31.12.2019

RELIS database 2019; spm.nr. 13794, RELIS Vest

SPØRSMÅL: Ein pasient i 30-åra bruker bupropion (Wellbutrin) 300 mg og har over tid vore plaga med øresus (tinnitus). Det er noko usikkert om tinnitusen starta før eller etter oppstart med bupropion, men det har skjedd ei klar forverring dei siste vekene med intens pipelyd. Ingen funn av patologi. Legen finn at tinnitus er oppgjeve som ein vanleg biverknad av bupropion. Kva er tilrådde tiltak i samband med dette? Kan tinnitus som legemiddelbiverknad gå over ved bruk av legemidlet over tid? Bør ein redusere dose eller forsøke å seponere? Vil det vere verd å forsøke reoppstart etter ei tid utan legemidlet? Spørsmål frå lege i psykatrien.

SVAR: Som spørsmålsstillar har funne, er tinnitus oppgjeve som ein vanleg biverknad i preparatomtalen (SPC) til bupropion (1). Eit internasjonalt farmakologisk oppslagsverk oppgjev at insidens av tinnitus i kliniske studier var 3-6 % ved bruk av bupropion, samanlikna med <1-2 % ved bruk av placebo. Dei oppgjev vidare at høyrsletap òg er rapportert etter bruk av bupropion (2).

Mekanismen bak bupropion-assosiert tinnitus er ikkje kjend, og det finst generelt lite detaljar rundt utvikling av biverknaden og eventuelle tiltak. Det er likevel nyleg publisert eit tilfelle av reversibelt bupropionutløyst høyrsletap, der tilstanden betra seg ved dosereduksjon og forsvann ved seponering. Forfattarane viser til at sjølv om fleire antidepressive legemiddel er assosiert med tinnitus og andre "øyrebiverknader", finst det ikkje studier på mekanismane bak eventuelt antidepressivumutløyst høyrsletap (3).

Generelt er tinnitus ofte idiopatisk, og patofysiologien kan vere multifaktoriell. Tinnitus kan skuldast sjukdom, skade eller irritasjonstilstandar på alle nivå i høyrslekjeda, og involvere fleire signalsystem og nevrotransmitterar (4, 5). Forfattarane av en oversiktsartikkel oppgjev blant anna at modulering av dopaminerg transmisjon i ulike delar av hjernen kan påverke persepsjon av tinnitus, og at noradrenalin- og dopamin-reopptakshemmarar som til dømes bupropion potensielt kan bidra til dette (4).

KONKLUSJON
Tinnitus er ein kjend biverknad av bupropion, men mekanismen bak er foreløpig ukjend og det kan vanskeleg føreseiast korleis denne typen biverknad utvikler seg ved fortsatt bruk, dosereduksjon eller seponering av bupropion. Det er rapportert om eitt tilfelle av reversibelt bupropion-assosiert høyrsletap.

Pasientens plager oppsto i tidsmessig relasjon til behandling med bupropion. Ein årsakssamanheng kan derfor ikkje utelukkast, sjølv om andre tilhøve kan ha bidrege. Dersom bupropion mistenkast å ha forverra pasientens tinnitus, kan dosereduksjon eller seponering forsøkast viss mogleg. Elles tilrår vi å drøfte mogleg behandling av tinnitus med ein øyre-nase-hals-spesialist.

Referanser
  1. 1. Statens legemiddelverk. Preparatomtale (SPC) Wellbutrin Retard. https://www.legemiddelsok.no/ (Sist oppdatert: 2. oktober 2017).
  2. 2. Clinical Pharmacology 2019 database. Bupropion. Elsevier, Inc. https://www.clinicalkey.com/pharmacology/login (Sist oppdatert: 2. januar 2019).
  3. 3. Carratola Grant M, Valovska T et al. Sensorineural hearing loss associated with bupropion use. Clin Pediatr (Phila) 2018; 57(9): 1114-9.
  4. 4. Fornaro M, Martino M. Tinnitus psychopharmacology: A comprehensive review of its pathomechanisms and management. Neuropsychiatr Dis Treat 2010; 6: 209-18.
  5. 5. Haider HF, Bojic T et al. Pathophysiology of subjective tinnitus: triggers and maintenance. Front Neurosci 2018; 12: 866.