Tittelen på avhandlinga er “Diabetes in care homes. Special emphasis on medicines and blood glucose measurements”. Lillan heldt også prøveførelesing over oppgitt emne: How can there be medicine shortage in "the richest country in the world"?

Lillan sitt arbeid syner at sjukeheimsbebuarar med diabetes er utsett for overbehandling med medisinar generelt og diabetesmedisinar spesielt. Trass i at ein av seks sjukeheimsbebuarar har diabetes, manglar ofte retningslinjer og opplæring til å trygge helsepersonellet i oppfølginga av desse pasientane. Konsekvensane kan då bli ein auka risiko for feilmedisinering, biverknader, dårlegare livskvalitet og for tidleg død.

Les meir om Lillan si forsking på UiB sine sider

Arbeidet er utført ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, UiB, og i samarbeid med School of Pharmacy, University of East Anglia. Hovudrettleiar har vore Reidun L. S. Kjome, medrettleiarar har vore Una Ø. Sølvik, Gunn B. B. Kristensen og Sverre Sandberg.

Vi gratulerer Lillan, rettleiarar og forskingsmiljø med vel gjennomført doktorgradsarbeid og disputas!